UX-designer med kompetanse innen Universell Utforming
Helse Vest IKT
- Frist 30.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Erfaren UX-designar med kompetanse innan universell utforming
Vi i Helse Vest IKT har ei glødande interesse for å forenkle kvardagen til pasientar og helsepersonell. Å drive sjukehus og pasientbehandling er komplekst. Det å skape betre brukaropplevingar for tilsette og pasientar gir oss meiningsfulle og spennande arbeidsdagar, kvar einaste dag.
Fagområdet UX er ein del av seksjon Utvikling. Seksjonen består av over 50 høgt kvalifiserte medarbeidarar fordelt på ni team. Vi utgjer eit sterkt fagmiljø som er opptekne av å lage gode, framtidsretta løysingar for helsetenestene. UX-designarar jobbar tett med alle roller, som helsepersonell, brukarrepresentantar, utviklarar, arkitektar og prosjektleiarar. Vi jobbar både med løysingar som blir utvikla internt hos oss og i samarbeid med leverandørane våre. Saman leverer vi mange spennande løysingar for helsepersonell og pasientar ved alle sjukehusa på Vestlandet.
Du blir ein del av team Brukaroppleving. Vi består i dag av to UX-designarar og ein UX-rådgjevar. Vi ser etter ein sterk lagspelar og fagleg pådrivar som kan vere med oss for å forme og bygge fagmiljøet vårt vidare. Helse Vest IKT er ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag, og vi ser difor spesielt etter deg som har erfaring med og interesse for å arbeide med brukarvenlegheit i ein større kontekst.
Arbeidsstad er i Bergen.
Arbeidsoppgåver
Du får bidra til å skape gode brukaropplevingar i eksisterande og nye løysingar gjennom å:
- Analysere brukarbehov (Lær)
- Utarbeide prototypar (Bygg)
- Gjennomføre brukartestar (Test)
Du vil arbeide med mange spennande oppgåver:
- Forme nye og forbetre eksisterande løysingar på ein måte som skaper heilskaplege brukaropplevingar
- Aktivt bruke designmetodikk for å sikre at behova til brukaren blir ivaretekne
- Gjennomføre intervju, workshops, observasjon og brukartestar
- Utarbeide konsept, designforslag og prototypar
- Sørgje for at løysingane blir universelt utforma
- Følgje opp og ha ansvar for arbeid med tilgjengelegheitserklæringar
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning
- Erfaring med metodar, teknikkar og verktøy innan brukaroppleving (Lær-Bygg-Test)
- Erfaring med prototypeverktøy (vi bruker Figma)
- Har eit auge for inkluderande design
- God kompetanse på WCAG, universell utforming og tilgjengelegheitserklæringar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
- Entusiasme for fagfeltet og empati for brukarane
- Sjølvgåande, men trivst best med å jobbe i team
- Trivst med variasjon og å byte mellom oppgåver
- Kreativ og glad i å finne gode løysingar saman med andre
- God til å lytte og sette deg inn i problemstillingane til andre
- Audmjuk for ekspertisen til andre innan deira fagfelt
- Nøye på kvalitet i leveransane
Vi tilbyr
- Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg!
- Hos oss får du eit godt grunnlag for fagleg og personleg utvikling
- Engasjerte kollegaer
- Eit positivt og sosialt arbeidsmiljø med høg grad av medarbeidartilfredsheit
- Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj
- Løn etter avtale
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar
- Nye, flotte lokale med sentral plassering på Kronstad X
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, IT
- Stillingsfunksjon: Utvikler (generell)
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
UX-designer, utvikling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 369491034
- Sist endret