Rettleiar i førstelinje (deltidsstilling)
Skatteetaten
- Frist 26.9.2024
- Ansettelsesform Fast
Få eit forsprang i arbeidslivet!
Skatteetaten treng fleire telefonrettleiarar i førstelinje på Leikanger (deltid).
Dette er 5-10 faste 30 %-stillingar, der arbeidstida vil vere tilpassa både pressperiodane våre når vi treng ekstra støtte, dine studie og eksamensperiodar. Vi ser føre oss at du jobbar ein til to dagar i veka, samt opp mot fulltid i pressperiodar/feriar. Arbeidet vil på den måten vere fleksibelt og tilpassa både deg og oss. I tillegg vil denne jobben kunne gi deg god og relevant erfaring for utdanninga di.
Dei siste åra har vi tilsett fleire studentar på Leikanger i i tilsvarande stillingar. Tilbakemeldingane frå desse studentane er at jobben dekker behovet deira for ei deltidsstilling både med omsyn til fleksibilitet og arbeidstid. I tillegg trivst dei veldig godt i jobben.
Kva går jobben ut på?
Du vil bli ein del av teama i førstelinje som gir rettleiing og informasjon om skatt og avgift. Det vil primært vere rettleiing over telefon, men du skal også gi skriftleg rettleiing. I denne jobben er det viktig at du kommuniserer tydeleg og forståeleg – for å forstå brukarane sine problem, og for at du kan hjelpe dei på rett spor slik at dei kan handle riktig.
Vi har som mål at brukarane våre i størst mogleg grad får løyst problemet sitt første gong dei kontaktar oss. Derfor er denne jobben i førstelinje ekstremt viktig for oss.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Det er ønskjeleg at du har starta på høgare utdanning, helst innanfor økonomiske/administrative eller juridiske fag. Fag innanfor til dømes kommunikasjon, marknadsføring og service kan også vere relevante.
- Du likar å snakke med andre menneske og har gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg, på norsk og engelsk.
- Du har gode digitale ferdigheiter – særleg navigeringskompetanse, noko som er viktig for desse stillingane.
Kva ser vi etter hos deg?
Du er omgjengeleg i møte med andre, er fleksibel i arbeidskvardagen og hjelper gjerne kollegaene dine når det er behov for det. Vi forventar ikkje at du kan svare på alt med ein gong, men du er sjølvstendig nok til å prøve å finne svara med dei verktøya vi har og i samarbeid med andre. Du er eit servicemenneske som har brukarane sine behov i fokus, du har eit godt og smittande humør og du trivst i ein hektisk kvardag.
Kvifor skal du velje oss?
Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då trur vi du vil trivast hos oss! Hos oss får du moglegheit til å jobbe med samfunnsaktuelle saker i ein nytenkande organisasjon som har stor tillit i befolkninga.
Du får også medlemskap i Statens pensjonskasse, ei av dei beste pensjonsordningane i Noreg og med moglegheit til å søkje om bustadlån med gunstige vilkår. Les meir om dette på spk.no.
I tillegg vil det vere mogleg å veksle mellom å jobbe heimanfrå og møtast på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimearbeid når arbeidsoppgåvene tilseier at det lar seg gjere.
Du blir tilsett som konsulent i lønnstrinn 47, som p.t. tilsvarar kr 480 900 i årslønn ut frå 100% stilling.
Verdt å merke seg før du søker
Vi brukar ikkje søknadsbrev: Vi verdsetter dine erfaringar og kompetanse høgare enn din evner til å skriva ein jobbsøknad. Det er derfor fint om du sender oss ein god og forklarane CV i staden for eit søkarbrev. som syner dine kvalifikasjonar for stillinga. Vi setter pris på om vitnemål/karakterutskrifter og relevante attester lastes opp som vedlegg.
Omvendt referansesjekk: Vi vil at du skal kjenne deg trygg på valet når du takkar ja til å jobbe hos oss.Dersom du er aktuell for stillinga, tilbyr vi deg ein omvend referansesjekk.Det betyr at du får ringe nokon av medarbeidarane våre og stille dei spørsmåladu måtte ønskje for å finne ut om vi er ein god match.
Mangfold og likestilling: Vi er på jobb for alle og skal vere ein god stad å jobbe for alle. Likeverd, likestilling og mangfald er ein del av kulturen vår, og vi har nulltoleranse for diskriminerande praksis og oppførsel. Har du hol i CV-en din, funksjonsnedsetting eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg til å krysse av for dette når du søkjer på stillinga hos oss. Det gir deg moglegheit til å få positiv særbehandling. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju.
Offentleg søkerliste: Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Det er mogleg å be om å bli unntatt frå denne søkjarlista. Du må i så fall grunngi kvifor du ønskjer dette. Vi tar deretter stilling til om vi kan innvilge ønskjet ditt. Kan vi ikkje det, høyrer du sjølvsagt frå oss.
Bakgrunnssjekk: Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av aktuelle kandidater, og verifiserer utdanning og arbeidserfaring.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 5
- Sted: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Kundeservice, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
Leikanger, student, deltid, veiledning, skatt
Annonseinformasjon
- FINN-kode 369507621
- Sist endret