100 % stilling som miljøterapeut fast
Bufetat
- Frist 23.09.2024
- Ansettelsesform Fast
100 % stilling som miljøterapeut
Ein god barndom varar livet ut. Vi ser etter engasjerte og trygge vaksne som kan ivareta ungdomane.
I Bufetat er vi stolte over det arbeidet vi gjer for å gje barn og unge ein god barndom som varar livet ut.
Hos oss møtar du ein arbeidskultur prega av openheit og nytenking. Vi ser etter deg som er nysgjerrig og ikkje låsar deg til bestemte løysingar på utfordringane i jobben. For å kunne gje alle våre barn og unge god og tilpassa omsorg, ønsker vi derfor å rekruttere medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
Kasa ungdomssenter er ein statleg omsorgsinstitusjon for barn og unge i alderen 13 - 18 (20) år. Vi har fem avdelingar i Bergen og omkrins, med 3 eller 4 plassar på kvar. Kasa skal gjennom traumebevisst omsorg etablere profesjonelle omsorgsrammar som legg til rette for endring og utvikling.
Stillinga som miljøterapeut inneber eit ansvar for målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebevisst omsorg, senteret sine retningsliner og faglege rettleiarar.
For tida har Kasa Sandsli ledig 1 fast 100 % stilling som miljøterapeut.
Kasa Sandsli har todelt turnus, med enkelte lengre vaktar, og arbeid kvar fjerde helg. Det må påreknas turnusendringar/justeringar.
Det kan også vere moglegheiter for ledige vikariat i ulike storleikar i eininga.
Søknadar vil bli fortløpande behandla, og aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Søkarar som ikkje har kvalifikasjonar i tråd med krav, vil ikkje bli vurdert.
Arbeidsoppgåver
- Målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid med fokus på traumesensitiv tilnærming.
- Dagleg omsorg og oppfølging av ungdom.
- Legge til rette for, og delta i tett samarbeid med barneverntenesta, samarbeidspartar som skule, BUP og andre som er i kontakt med ungdomen.
- Legge til rette for, og delta i tett samarbeid med føresette.
- Journal- og dokumentasjonsansvar.
- Praktiske gjeremål i avdelinga.
- Hovudkontaktansvar.
- Ha ekstra ansvarsområder innafor blant anna tryggleik, helse, skule, familie, kartlegging, brannvern, motiverande intervju/samtale med meir.
Kvalifikasjonar
Krav
- Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, fortrinnsvis med 60 stp relevant vidareutdanning, kan også vurderast.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
- God kjennskap i bruk av IT-verktøy
- Sertifikat kl. B.
Ønskelege kvalifikasjonar:
- Det er ønskeleg med erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri, eventuelt erfaring fra spesialisthelsetjenesta (e.l.) innan relevante fagfelt (rus, psykiatri, m.m.)
- Det er ønskeleg at du har kjennskap til Rettigheitsforskrifta, Traumebevisst omsorg samt målstyrt miljøterapi.
KASA ungdomssenter har von om lik kjønnsbalanse mellom kvinner og menn. Dette kan vere avgjerande ved val av kandidatar til intervju ettersom personalsamansetninga er viktig
På bakgrunn av dette, oppmodar vi særleg kvalifiserte menn til å søkje.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Har gode evnar til å bygge relasjonar.
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevnar.
- Er løysingsfokusert, fleksibel og i stand til å handtere uforutsette hendingar på ein forsvarleg måte.
- Er trygg, tydeleg og tillitvekkjande vaksen som kan romme ungdomane og deira behov.
- Har evne til å oppretthalde god struktur, eit fagleg perspektiv og samarbeida i team.
- Har tru på at medverknad og samarbeid med familie, nettverk og andre samarbeidspartar er ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet.
- Har forståing for og er lojal mot fagleg standard som eininga nyttar.
- Er punktleg, og har evne til å arbeide strukturert og metodisk.
- Har god fysisk og psykisk helse.
Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagde.
Vi tilbyr
- Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 466 600 - 594 500 pr. år (ltr. 45-61).
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernpedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar eller 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 524 700 - 624 500 pr. år (ltr. 53-64), 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 532 200 - 624 500 pr. år (ltr. 54-64).
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, med moglegheit om tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Sosiale tiltak saman med gode kollegaer.
- Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod.
Opplysningar til deg som søker:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til KASA ungdomssenter.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Sted: Solheimsgaten 11, 5058 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Miljøterapeut, Sosionom, Barnevernspedagog, Vernepleier, Psykiatrisk sykepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 369903920
- Sist endret