Rådgivarar - karriererettleiing
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 30.9.2024
- Ansettelsesform Fast
Rådgivarar - karriererettleiing
Vil du vere ein av karriererettleiarane i Karriere Møre og Romsdal?
Karriererettleiing er ei viktig oppgåve for å motivere og rettleie unge og vaksne til å finne sin veg til utdanning og arbeid. Karriere Møre og Romsdal har medarbeidarar med høg kompetanse på eit felt som er i stadig utvikling. Kanskje du er nestemann på laget?
Vi skal tilsette to rådgivarar i fast stilling, ein i Molde og ein i Ålesund.
Arbeidsoppgåver
Du får jobbe med karriererettleiing av unge og vaksne i Møre og Romsdal. Rettleiing av innbyggarane handlar om gode val knytt til utdanning og arbeid i eit livslangt læringsperspektiv. Fylkeskommunen sine oppgåver på området er regulert i opplærings- og integreringslova.
Karriererettleiinga skjer både digitalt, fysisk, i grupper, som trekantsamtalar og individuelt.
Du får også bidra til utvikling av Karriere Møre og Romsdal sine tilbod og tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne aktørar.
Andre oppgåver innafor kompetanseområdet kan også bli tillagt stillinga.
Kvalifikasjonar
- relevant høgare utdanning, helst på masternivå
- rettleiarkompetanse og erfaring med karriererettleiing
- god skriftleg og munnleg formidlingsevne
Vi søker etter deg som
- har evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
- har gode kommunikasjonsevner og er god på å bygge relasjonar og nettverk
- er ein lagspelar som liker å samarbeide, dele og inkludere, og som tenker på tvers av fagområde
- trivst med å vere representant og tenesteytar for fylkeskommunen og kommunane
- har evne til å vere i omstilling, takle nye oppgåver, vere innovativ og sjå moglegheiter
Personlege eigenskaper vil bli tillagt stor vekt.
Anna:
Stillingane inneber ein god del reiseverksemd. Dei som blir tilsett må ha førarkort og vi ønsker at dei disponerer eigen bil.
Kontorstad for stillingane blir Molde og Ålesund.
Dei som blir tilsett må levere politiattest fordi kontorstad kan bli på vidaregåande skole.
Vi tilbyr
- ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Kompetanse- og næringsområdet (mrfylke.no)
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Julsundvegen 9, 6404 Molde
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Saksbehandler, Veileder
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Karriererettleiing, Rådgiving, Karriererådgivar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 370032288
- Sist endret