Om stillinga
Likar du å jobbe i team, er interessert i HR/løn, systemoppfølging og systemutvikling? Då kan dette være stillinga for deg.
I Vaksdal kommune har vi ledig stilling som konsulent/rådgjevar innan løn og HR. Stillinga passer godt for deg som liker å samarbeide på tvers i organisasjonen. Rådgiving og service til leiarar og tilsette er ein viktig del av stillinga. Erfaring frå arbeidsfeltet er ein fordel, men stillinga vil også passe for deg som er nyutdanna og ønsker utviklingsmoglegheiter.
Arbeidsoppgaver
- Ansvarlig for lønskjøring, oppfølging, lønsutbetaling og etterarbeid
- Systemansvarlig (superbruker) i HR og lønssystemet Visma HRM
- Oppfølging og oppdatering av lønsdata og systemendringer
- Sørge for at vi tar i bruk moglegheiter som er i systemet
- Følge opp fråversregistrering, refusjonar, reiserekningar m.m.
- Avstemming og rapportering
- Vere støtte til linjeleiarar og tilsette i lønsrelaterte spørsmål. Herunder gi opplæring og rettleiing
- Vere støtte til HR-leiar i lønsspørsmål og lønsforhandlingar
Kvalifikasjonskrav
- Relevant utdanning frå høgskule eller universitet
- Erfaring frå løns- og/eller HR arbeid er ein fordel
- Du bør ha erfaring frå offentleg sektor
- God systemforståing og IT-kompetanse er nødvendig
- Du må ha gode norsk kunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskaper
Du er:
- God på samarbeid og teamarbeid
- Framoverlent og utviklingsorientert
- Vant til å jobbe strukturert og sjølvstendig, og holder tidsfristar