Bildegalleri
Hermann Hesse: Glassperlespillet (1970)
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt – I god stand
Glassperlespillet (Das Glasperlenspiel) var med på å gje Hermann Hesse Nobel-prisen i litteratur i 1946. På norsk kom boka fyrst i 1970, og det er eit flott eksemplar av denne utgjevinga eg sel. Hesse er kjend for romanar som Demian, Siddharta, Gullmunn og Narsiss, Steppeulven og Peter Camenzind, og eg har lese dei fleste på norsk eller tysk.
Sjølv om Hesse har vore populær i Noreg, er det ikkje lett å få tak i bøker av han no. Det eksemplaret eg sel, er den første norske utgåva av Glassperlespillet, innbunden og med omslag av Peter Haars. Det er omtrent som nytt - litt hyllebleiking øvst på framsida og på ryggen og eit namnetrekk er det einaste å bemerke.
Når eg sender bøker, gjer eg det med Posten Noreg. Og Hesse anbefaler eg på det varmeste!
PS: Bokbilda er tatt i halvgodt lys på ei hytte der talglys blir brukt.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 20.9.2024, 11:40 ・ FINN-kode: 370154809