Vegingeniør - 100% fast
Alver kommune
- Frist 29.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Brenn du for vegar og trafikksikring? Bli ein del av Alver kommune!
Om stillinga
Vi søkjer ein dyktig og engasjert vegingeniør i 100 % fast stilling. Du vil bli ein del av eit fantastisk team under Eigedomsforvaltning, avdeling for samferdsle, veg, vatn og avløp.
Vi ser etter deg som har gode samarbeidsevner, ei sterk teknisk forståing, og eit ønskje om å bidra til utvikling av trygge og effektive transportløysingar.
Som vegingeniør hos oss vil du ha varierte arbeidsoppgåver. Du vil handsame tekniske planar, planleggje, prosjektere og følgje opp bygging i mindre vegprosjekt, jobbe med vedlikehald av vegar og annan infrastruktur.
Arbeidsoppgåver
- Tekniske vurderingar og godkjenningar av planer som omhandlar veg
- Utarbeiding av vedlikehaldsplanar og temaplanar innan vegfaget
- Enkel prosjektering
- Utarbeiding og utlysing av konkurransegrunnlag for vedlikehaldsprosjekt
- Utarbeiding og utlysing av konkurransegrunnlag fo rammeavtalar
- Kontroll og oppfølging av utbyggarar, både administrativt og ute på byggeplass
- Sakshandsaming knytt til vegfaget
Kvalifikasjonskrav
- Minimum bachlor ingeniør med fordjupning i veg
- Minst 3 års erfaring innan vegfaget
- God kjennskap til relevante norske standardar og forskrifter
- Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg på norsk
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Strukturert og løysingsorientert med høg gjennomføringsevne
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
- Evne til å handtere fleire prosjekt samtidig og levere under tidspress
- Positiv haldning og ønskje om å bidra til ein triveleg arbeidsplass
Vi tilbyr
- Ei spennande og utfordrande stilling
- Eit triveleg arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Lønn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
- Fleksibel arbeidstid
Om arbeidsgiveren
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Havnevegen 41A, 5918 Frekhaug
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 370196174
- Sist endret