Avdelingsleiar Gruppetrening
Idrettssenteret AS
- Frist 11.10.2024
- Ansettelsesform Engasjement
Er du vår nye avdelingsleiar?
Idrettssenteret AS sin leiar for gruppetrening er på flyttefot. Vi søkjer derfor etter ny avdelingsleiar for gruppetrening i eit 1 års engasjement. Stillinga er 50% og krev noko kvelds- og helgearbeid. Det vil og vere mogeleg å utvide stillinga ved å kombinere den med andre aktivitetar som til dømes PT-jobbing, ut frå søkjars kvalifikasjonar.
Vi ser etter ein blid, energisk og positiv person som kan bidra til at senteret held høg kvalitet innan gruppetrening og kan utvikle gruppetreningstilbodet ovanfor våre medlemar og kundar vidare.
Arbeidsoppgåver
- Leiaransvar for våre om lag 20 gruppetreningsinstruktørar samt Functional Fitness
- Rekruttering av gruppeinstruktørar
- Utarbeide, kontrollere og styre timeplan
- Eigne gruppetreningstimar
- Informasjonsarbeid internt og eksternt
- Utarbeide, planlegge, vidareutvikle sportsleg tilbod
- Statistikk og rapportering
- Ansvar for SoMe publisering (gruppetrening)
Din erfaring og utdanning
- Kunnskap og erfaring frå gruppetrening eller tilsvarande arbeid er ynskjeleg
- Høgare utdanning innan trening, idrett og helse
- Fagleg sterk innan gruppetrening
- Gjerne noko leiarerfaring, men ikkje absolutt krav
Dine personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og serviceinnstilt
- Pliktoppfyllande, engasjert, initiativrik og sjølvstendig
- Kreativ, initiativrik, offensiv og framover lent
- Sjølvstendig og målretta
- Energisk, inspirerande og positiv
- Motiverande, fleksibel, samlande og flink til å jobbe i team
Vi tilbyr
- Ein utfordrande jobb med utviklingsmoglegheiter
- Eit triveleg arbeidsmiljø
- Konkurransedyktige betingelsar
- Unikt tilbod for sportsinteresserte
Arbeidsstart 1.januar 2025
Søknad sendast på e-post til: knut@idrettssenteret.no innan 11.10.24. For spørsmål til stillinga, kontakt dagleg leiar Knut Ripe på 99266033 eller e-post.
Om arbeidsgiveren
Selskapet Idrettssenteret AS driver Idrettssenteret, Sogndal Klatresenter og GG Sogndal på Campus Sogndal. Idrettssenteret AS blei stifta 26.september 1998. Selskapet er eigd av norsk idrett gjennom Fosshaugane AS som er Sogndal Fotball sitt eigedomsselskap. Idrettssenteret AS er et ideelt aksjeselskap der overskotet skal tilbakeførast til selskapet og videreutvikle tilbodet til medlemmane.
Idrettssenteret skal være eit treningssenter for ”alle” med vekt på gode fasiliteter og instruktørar med høg kompetanse innan eit bredt spekter av trening og helse.
Kurs- og formidling som rettar seg mot alle grupper som skal veiledast, trene og instruere andre innan eit bredt spekter av fysisk aktivitet.
Forskning- og utviklingsprosjekt for å auke kompetansen innan idrett, fysisk aktivitet og helse ovanfor ulike målgrupper. Testsenteret samen med Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal, er sentralt arbeidet for å dokumentere og evaluere effekt av tiltak m.m.
Helsetjenester innen forebyggende arbeid og rehabilitering overfor ei rekke grupper.
Hjå oss har vi eit bredt treningstilbod i trivelige lokaler og eit hyggelig og inkluderende miljø. Vi tilbyr egentrening med kvalitets utstyr i våre treningslokaler, eit variert tilbod av gruppetimar med dyktige instruktørar, kompetente personlige trenara og imponerande klatre- og buldreveggar. Vi er stolte av å kunne tilby det meste under eit tak!
For mer informasjon, bilder og videoer, sjå Idrettssenteretas på Instagram.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Trolladalen 30, 6856 Sogndal
- Bransje: Idrett og trening
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Ledelse, Trener / Personlig trener
- Arbeidsspråk: Norsk
X-fit sal (1/12)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 370323030
- Sist endret