Brannsjef
Vågå kommune
- Frist 7.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Brannsjef for Sel brann- og redningsvesen og Vågå brannvesen
Ynskjer du å være med og utvikle 2 brannvesen med til saman 3 brannstasjonar?
Ynskjer du å være med og løyse eit viktig samfunnsoppdrag for Sel og Vågå kommune?
Vi ser etter deg som kan leie og vidareutvikle brannvesena våre til å møte framtidige utfordringar med gode tenester og god beredskap.
Sel kommune og Vågå kommune samarbeider om drift av brannvesenet og søker etter ein felles brannsjef. Brannsjefen blir tilsett i Vågå kommune.
Brannvesena har fem heiltids- og 45 deltidstilsette fordelt på brannstasjonar i Heidal, Otta og Vågåmo. Brannvesenet dekker Sel kommune og Vågå kommune og har om lag 9 200 innbyggjarar, om lag 4 200 bustadar og 3 150 fritidsbustadar.
Arbeidsoppgåver:
• Leie og utvikle brannvesenet
• Personalansvar
• Økonomi- og budsjettansvar
• Kompetanseheving
• Leie og koordinere dagleg drift av brannvesenet
• Planlegging og gjennomføring av øving og trening.
• Sikre at internkontroll er tilpassa brannvesenet og jamleg evaluert og oppdatert, samt sørge for systematisk HMT-arbeid.
• Utarbeide saker til politisk behandling
• Utøve og vere ein pådrivar for god samhandling
Kvalifikasjonar:
• Oppfylle forskriftsfesta krav til stillinga i samsvar med forskrift om organisering, bemanning og utrustning av brann- og redningsvesen og nødmeldesentralane.
Jf. kap. 8, §45:
"Leder av brann- og redningsvesenet i ansvarsområde med færre enn 20 000 innbyggere skal ha gjennomført yrkesutdanning i forebyggende brannvern, jf. forskriften § 40, og kurs i overordnet vaktberedskap og innsatsledelse, jf. forskriften § 44, og enten ha
a. universitets- eller høgskoleutdanning på bachelornivå, eller
b. kvalifikasjoner som leder av forebyggendearbeidet, jf. forskriften § 43, og minst to års erfaring som leder, eller
c. kvalifikasjoner som leder av beredskapsarbeidet, jf. forskriften § 42, og minst to års erfaring som leder. Yrkesutdanning i forebyggende brannvern og kurs i overordnet vaktberedskap og innsatsledelse skal gjennomføres snarest og senest to år etter ansettelsestidspunktet."
Ynskjelege kvalifikasjonar
• Erfaring som leiar med ansvar for drift, økonomi og personalansvar.
• Kjennskap til relevant lovverk, forskrifter og rettleiarar for drift av brannvesenet.
• Erfaring eller kompetanse innan utviklings-, endrings- eller prosjektarbeid.
• Gode evner for samarbeid og relasjonsbygging
• Gode gjennomføringsevner og leiareigenskapar (Evne til å leie og motivere tilsette)
Må ha politiattest jf. §18 i Brann- og eksplosjonsvernloven.
Personlege eigenskapar vil bli vekta høgt i tilsettingsprosessen.
Vi kan tilby:
• Konkurransedyktige arbeidsvilkår
• Godt arbeidsmiljø med tidsmessig utstyr
• Utfordrande arbeidsoppgåver i tverrfagleg kompetansemiljø
• Kommunal pensjons- og forsikringsordning
• Fleksitid
• Lønns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk for kommunal sektor
Søkjar må pårekna å disponere eigen bil i tenesta.
Spørsmål omkring stillinga rettast til Pål Inge Sanden tlf. 61293000, mob. 41474046. Ønskjer ikkje å bli kontakta av annonseseljarar.
Søknadsfrist 07.10.2024.
Søknad m/CV skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Attestar og vitnemål sendast elektronisk til postmottak@vaga.kommune.no. eller per post til Vågå kommune, Edvard Storms veg 2, 2680 Vågå.
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off. lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Om arbeidsgiveren
Sel kommune og Vågå kommune samarbeider om drift av brannvesenet og søker etter ein felles brannsjef. Brannsjefen blir tilsett i Vågå kommune.
Brannvesena har fem heiltids- og 45 deltidstilsette fordelt på brannstasjonar i Heidal, Otta og Vågåmo. Brannvesenet dekker Sel kommune og Vågå kommune og har om lag 9 200 innbyggjarar, om lag 4 200 bustadar og 3 150 fritidsbustadar.
- Nettverk: Facebook, X
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Edv. Stormsveg 2, 2680 Vågå
- Bransje: Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Brannvern, HMS, Teknisk personell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
brannsjef, brannsikkerhet, beredskap, ledelse brannvesen, leiing brann
Annonseinformasjon
- FINN-kode 370369430
- Sist endret