Farmasøyt
Sjukehusapoteka Vest
- Frist 29.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Farmasøyt
Sjukehusapoteka Vest HF er eit av fem sjølvstendige helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Sjukehusapoteka
er del av spesialisthelsetenesta og skal sørgje for at sjukehus og pasientar i Vestland og Rogaland vert sikra legemiddel og høg farmasøytisk kompetanse og tenester. Vår ambisjon er å vere fagleg i front, nasjonalt og internasjonalt i sikker og framtidsretta legemiddelforsyning. I pasientbehandlinga leverer vi høgspesialiserte tenester på fleire fagfelt.
Sjukehusapoteket i Bergen leverer legemiddel og farmasifaglege tenester til Helse Bergen, samt til andre private institusjonar og kommunehelsetenester.
Det er eit av dei største apoteka i landet med omlag 135 tilsette fordelt på fem avdelingar innan forretningsområda publikumsapotek, produksjon, sjukehusekspedisjon og farmasøytiske tenester.
Vi er i stadig vekst og utvikling, og søker no etter nye engasjerte tilsette til produksjonsavdelinga og sjukehusekspedisjonen.
Vi forventar ikkje at du har erfaring med å jobbe i sjukehusapotek frå før, men at du har pågongsmot og interesse for å lære.
Våre nye medarbeidarar må førebu seg på at stillinga kan bli delt mellom fleire og andre avdelingar, basert på kompetanse, tidlegare erfaring og ei heilskapleg vurdering av behovet i apoteket.
Det er no behov for å fleire farmasøyter:
1 fast stilling fra 01.01.2025
1 vikariat fra snarast og ut februar 2026
Arbeidsoppgåver
Oppgåver kjem an på avdelinga stillinga er plassert i:
- Produksjonsavdelinga: Produksjonsavdelinga produserer antibiotikapumpar, smertekassettar og
parenteral ernæring til hjemmepasientar og pasientar i behandlingsforløp på sjukehuset. I tilleggproduserer vi alt av cytostatika og monoklonale antistoffer til poliklinikker og sengeposter.Arbeidsoppgåver vil ligge innen kontroll av rekvisisjonar og produserte legemidler. - Sjukehusekspedisjonen: Sjukehusekspedisjonen er ansvarleg for alle leveransar til Helse Bergen ogdei fleire sjukehusavdelingar har apotekstyrt legemiddellager. Oppgåver vil blant annet ligge innanvareflyt og logistikk, rådgjeving til sjukehusposter og beredskapslageret til sjukehuset.
- Delta i apotekets vaktordning
- Andre oppgåver kan tilfalle ved behov
Kvalifikasjonar
- Du har autorisasjon som farmasøyt
- Du har gjerne relevant arbeidserfaring, men vi vil og treffe deg som er nyutdanna
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er positiv, serviceinnstilt, ansvarsbevisst og samarbeidar godt med andre.
- Du trivs i eit hektisk miljø.
- Du har interesse for produksjon av legemiddel.
- Du arbeidar nøyaktig og sjølvstendig, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Du identifiserer deg med våre verdiar; respekt, tryggleik og kvalitet.
- Du har interesse for IKT og digitale verktøy.
- Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr
- stilling i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse
- høve til fagleg og personleg utvikling
- kjekke kolleger og godt arbeidsmiljø
- naudsynt opplæring
- løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv fem sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Jonas Lies vei 89, 5021 Bergen
- Bransje: Farmasi og legemiddel
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell / Farmasøyt
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
apotek, sykehus, produksjon, Logistikk
- FINN-kode 370480461
- Sist endret