Audiopedagog
Helse Bergen
- Frist 13.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Audiopedagog
Vi har ledig 100% fast stilling for audiopedagog ved høyresentralen, Øyre-nase-hals avdelinga (ØNH), Haukeland universitetssjukehus.
Høyresentralen på Haukeland er del av ØNH-avdelinga og har for øyeblikket tilsett 12 audiografar og ein audiopedagog. Audiopedagog ved avdelinga vil arbeide sjølvstendig og i team med ØNH-legar, audiografar og sjukepleiarar. Vi har ein variert pasientgruppe med alt frå nyfødde til personar på over 100 år, og audiopedagog vil få anledning til å jobbe med alle aldergrupper. Arbeidsoppgåvene bli utført på ØNH barnepoliklinikk i Glasblokkene og på høyresentralen i Sentralblokka. Dei to bygga ligg tett ved kvarandre på Haukelandsområdet.
Oppstart etter nærare avtale. Vi ber om at attestar og vitnemål blir lasta opp saman med søknad og CV.
Arbeidsoppgåver
- Delta i utgreiing, diagnostisering og oppfølging av høyrselstap hos barn
- Utgreiing og oppfølging av vaksne pasientar som blir vurdert for, eller har cochleaimplantat
- Utgreiing, diagnostisering og oppfølging av pasientar med APD, tinnitus, hyperacusis og misofoni
- Kursverksemd
Kvalifikasjonar
- Master i audiopedagogikk
- Erfaring med arbeid med pasientar med tinnitus, hyperacusis og misofoni
- Erfaring med oppfølging av pasientar med cohcleaimplantat vil vere ein fordel
- Testkompetanse
- Erfaring med arbeid med barn med redusert høyrsel
- Erfaring med rettleiingsarbeid
- Gode norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Mastergrad i audiopedagogikk
- Gode samarbeidsevner
- Gode kommunikasjonsevner
- Interesse for fagleg utvikling
- Personleg egnethet vil bli vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Lønn etter gjeldande overeinskomster
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Spesialpedagog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Audiopedagog, Høyresentralen, høyresentralen, sykehus, audiopedagog, sjukehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 370498701
- Sist endret