Apoteker
Sjukehusapoteka Vest
- Frist 30.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Apoteker
Sjukehusapoteka Vest HF (SAV) er eitt av fem sjølvstendige helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Dei fem sjukehusapoteka våre er tilknytta dei største sjukehusa i regionen og skal sørgje for at sjukehus og pasientar i Vestland og Rogaland vert sikra legemiddel og tenester med høg farmasifagleg kompetanse. Arbeidet vårt er fordelt på fire verksemdsområde: publikumsapotek, produksjon, sjukehusekspedisjon og farmasøytiske tenester. Det er om lag 30 tilsette ved Sjukehusapoteket i Førde i dag, inkludert tre avdelingsleiarar som saman med apotekar utgjer leiargruppa. Apoteket har nyleg fått nye lokale og er inne i ein spennande periode, blant anna med å etablere farmasitun i tett samarbeid med Helse Førde.
Vi søkjer ny apotekar og ser primært etter deg som vil ha fast stilling. Samtidig kan vi vere opne for søkjarar som ønskjer å prøve seg i stillinga i rundt eitt års tid. Hos oss får du ei unik moglegheit til å leie og vidareutvikle eit innhaldsrikt og spennande apotek i tett samarbeid med medarbeidarar og andre leiarar - og du får ei nøkkelrolle i arbeidet med å sikre trygge og gode apotektenester til sjukehus og pasientar i Helse Førde sitt nedslagsfelt. Du blir også ein viktig bidragsytar i SAV si toppleiargruppe, og leiaren din blir administrerande direktør.
Oppstart i stillinga: 01.05.2025.
Arbeidsoppgåver
- øvste leiar for apoteket med personal-, økonomi- og fagleg ansvar for apoteket si drift og utvikling innanfor rammene til SAV
- følgje opp og utvikle vidare samarbeidet med Helse Førde
- ansvar for å utvikle og sikre tenestetilbod på dei fire verksemdsområda
Kvalifikasjonar
- Vi treng deg som har erfaring frå, trivst i og har forståing for leiarrolla i apotek.
- Du er utdanna farmasøyt og fyller krava til å få driftskonsesjon for apotek.
Personlege eigenskapar
- Du likar leiing og er genuint opptatt av å utvikle eiga leiargruppe og eigne leiarar innanfor gjeldande fullmakter.
- Du er opptatt av fagleg utvikling og interessert i og nysgjerrig på fleire delar av farmasifaget.
- Du fremjar samarbeid og bidreg til trivsel og eit godt arbeidsmiljø. Du klarer å vere pragmatisk og handtere komplekse og pressa situasjonar.
Vi tilbyr
- ei leiande rolle i eit dynamisk, stort og inspirerande fagmiljø, med eit viktig samfunnsoppdrag i botn
- gode moglegheiter for å utvikle deg fagleg og som leiar
- støttande og samarbeidsvillige leiarkollegaer
- løn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv fem sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Bransje: Farmasi og legemiddel
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell / Farmasøyt
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
apoteker, sykehus, ledelse
- FINN-kode 370504992
- Sist endret