Bildegalleri
Perfekt på konsert: Tanglewood TRD-VS-E m/kasse
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen blir sendt til deg, og du har 24 timer på deg til å inspisere den før pengene overføres til selger.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt – I god stand
Gitartype: Halvakustiske gitarer
Eg har nokre gitarar for mykje, så då går denne: Ein fin Tanglewood TRD-VS-E akustisk gitar med mikrofonsystem og kasse. Dette er eit skikkeleg instrument som ikkje vil skuffe, og som læt bra både akustisk og oppmikka. Han har fått prøvd seg på spelejobbar og greidd det med glans. Rein akustisk lyd er til forveksling lik ein god Takamine, og det, mine damer og herrar, er ikkje mindre einn eit stort kompliment. Treverket er skikkelege saker, det òg: Sitka i loket, rosetre i sarg og botn. Halsen er i mahogny med gripebrett i rosetre og ei flott lønnebinding rundt. Veldig fine abalone-innlegg i gripebrettet. B-band B35 preamp, som òg inneheld ein god stemmar som kuttar lyden når du stemmer. Uhyre praktisk på scena.
Ei flott kasse som passar perfekt fylgjer med gitaren, og han er rein, nypussa og godt halden. Einaste byteobjektet som er aktuelt denne gongen er eit ordentleg godt mikrofonsystem til akustisk gitar, helst eit som ikkje krev mykje boring å installere.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 16.9.2024, 10:15 ・ FINN-kode: 370898995
Mer fra selgeren
Mer som dette
32 000 kr
Betalt plassering