Ortopediingeniør
Ortopediteknikk
- Frist 31.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Ortopediingeniør i «Nordsjøturnus»
Ortopediteknikk Førde søker ortopediingeniør med mogelegheit for skiftordning. Det vil gi deg anledning å jobbe intensivt over ein periode, med tilhøyrande lengre friperiode. Stillinga passar for deg som er interessert i ny jobb, men som ikkje nødvendigvis ynskjer å flytte heimanfrå. Fleksibilitet er noko vi som arbeidsgivar sett høgt, og vi vil i samarbeid med deg lage ein arbeidsturnus som passar deg og ditt liv. Bli ein del av vårt team i Førde då vel!
Vi ynskjer ein kollega som:
- Er oppdatert og interessert i digital utvikling i faget.
- Er fagleg dyktig og har gode samarbeidsevner.
- Er engasjert i sine kollegaer og likar å jobbe i tverrfaglege team.
- Er sjølvstendig og har stor gjennomføringsevne.
- Kommuniserer open, ynskjer nye idear velkomne og er tillitsvekkande.
Vi er ein arbeidsgjevar som:
- Gir medarbeidarar fridom til å løysa arbeidsoppgåvene på sin måte.
- Rommar og respekterer forankra verdiar og moderne trender.
- Ser på ulikskap som ei styrke.
- Tar ansvar for rekruttering av nytt fagpersonell med turnus, lærlingeplassar og studentar.
- Er ein aktiv pådrivar for utvikling av faget.
Om arbeidsgiveren
Ortopediteknikk er eit norsk selskap og har sidan 1980 vore ein pionér og leiande innan ortopediteknikk i Noreg. Vi gjer ein skilnad. Vi vil vere førstevalet, og hos oss har vi som mål at alle pasientar skal oppnå fridom gjennom rørsle.
Vi har ingen leverandørbindingar og vel våre løysingar basert på faglege vurderingar. Vi vel å ha størst mogleg produksjon og verdiskaping i eige hus. Vårt omdøme er viktig, vi går gjerne føre, og aldri på akkord med etikk eller regelverk. Vi tenkjer at gode prosessar fører til gode resultat.
Vi søkjer no ein ortopediingeniør til avdelinga vår i Førde. Avdelinga har 8 dyktige kollegaer som jobbar i eit fellesskap som deler kunnskap med kvarandre og bransjen. Vi har eit ryddig og godt forhold til kvarandre, pasientane våre, og samarbeidspartnarane våre.
Vi ser etter kollegaer som vernar om kvaliteten i tenestene våre. Vi skal skape resultat for våre pasientar og stoltheit hos våre kollegaer. Hos oss seier vi at - Menneske er sine historier, vi er med når dei skrivast.
Vi ser etter:
- Autorisert ortopediingeniør
- Ein kollega som ynskjer å ta del i utvikling og nyskaping innad i avdelinga
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Naustdalsvegen 1B, 6800 Førde
- Bransje: Helse og omsorg, Industri og produksjon, Medisinsk utstyr og rekvisita
- Stillingsfunksjon: Ortopediingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
ortopedi, protese, ortose, ortopediteknikk, ortopediingeniør
(1/11)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 370969396
- Sist endret