Vedlikehaldsleiar
Norsk Hydro
- Frist 6.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Er du Hydro Energi Sogn sin nye Vedlikehaldsleiar?
Hydro Energi er ein av dei tre største kraftprodusentane i Noreg, med 42 vasskraftverk og ein vindpark på Tonstad som saman produsera heile 14 TWh fornybar energi. Av desse ligg 6 kraftverk i Sogn, med over 700 MW installert effekt fordelt på 13 turbinar. I dei komande åra vil det i tillegg til drift av eksisterande anlegg være eit betydeleg aktivitetsnivå, både med utbygging av nye, store vasskraftverk, oppgradering av våre eksisterande kraftstasjonar og større damrehabiliteringar
I Hydro Energi Sogn er me 27 tilsette, som driftar og utviklar vasskraftverka våre frå lokasjonane i Årdal og Fortun. Arbeidsmiljøet vårt er kjenneteikna av mykje godt humør og arbeid i tverrfaglege team. Hydro Energi oppfordrar alle tilsette til å engasjere seg på tvers av eige fag- og kraftverksområde for å utvide eigen kompetanse og bidra til kontinuerleg forbetring. Dette gjev ei unik moglegheit til å vere med og utvikle både lokal organisasjon og seg sjølv, i ein arbeidskvardag der ein kan veksle mellom arbeid i felt og kontor.
Til våre anlegg i Sogn, Fortun og Årdal søker vi ein leiar for vedlikehaldsavdelingen. Vi søker etter deg som skaper entusiasme og engasjement, og som ivrig søker å viderutvikle vedlikehaldet med nye framtidsretta løysingar.
Du vil ha ei sentral rolle i organisasjonen, med ansvar for dagleg drift og vedlikehald. Alt foregår i tett samarbeid med fagansvarlege på vedlikehald, lokal leiargruppe og avdelinga for teknisk støtte og prosjekt.
Dine ansvarsområde vil innebere:
- Sikre at verksemda blir drive utan skade på personell, eigedomar, indre eller ytre miljø
- Bidra til at anlegga blir drifta best mogleg i forhold til marknad, naudsynt vedlikehald og utvikling av anlegga
- Bidra til utvikling av anlegga gjennom digitalisering og effektivisering av system og arbeidsprosessar
- Utvikla rutinar og prosedyrar for smart vedlikehald basert på innhenting og analyse av data
- Sørge for fagleg opplæring samt vidareutvikle rett kompetanse i teamet
- Vidareutvikle vedlikehald med aktiv deltaking i vedlikeholdsnettverk i Hydro Energi
Ønskte kvalifikasjonar:
- Bachelor innan relevant studieretning
- Relevant erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning
- God kunnskap om vedlikehaldssystematikk og forbetringsarbeid basert på analyser av vedlikehaldet
- Du har ein strukturert arbeidsform, kan sette deg inn i tekniske detaljar samtidig som du har kontroll på dei overordna prosessane
- Erfaring med digitale verktøy og bruk av data
- Initiativrik og opptatt av å sikre gjennomføring av igangsette aktivitetar
- Du har fokus på HMS og sikkerheitskultur og kan vise til gode resultat over tid
- Beherske norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
Som person er du ein god planleggjar som bidreg til best mogleg ressursutnytting på tvers av fagdisiplinar og vedlikeholdsprosjekt. I tillegg er det viktig for deg å motivere og skape eit positivt arbeidsmiljø med høge ambisjonar.
Vi tilbyr:
- Ein spanande moglegheit til å være med på utviklinga av Hydro Energi Sogn i Noregs vakraste reguleringsanlegg med Jotunheimen som næraste nabo
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Eit tett samarbeid med Hydro Energi sine andre lokasjonar, og moglegheit for å delta i fagnettverk for kunnskapsdeling
Annan informasjon
Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er integrert i Hydros daglege virke. Det er vårt ansvar å beskytte våre tilsette si helse og sikkerheit, og bidra til ei berekraftig utvikling i dei nærmiljøa vi opererar. Vi søker derfor tilsette som vil bidra positivt til dette, gjennom sunne og bevisste HMS-haldningar.
Fast kontorsted vil være Fortun eller Årdal men det forventes tilstedeværelse på begge lokasjoner.
Vi ber deg venleg om å legge ved alle relevante vitnemål og karakterutskrifter med din søknad. Vi aksepterer kun elektroniske søknader. Søknadsbrev og CV mottas ikkje på e-post.
I vår rekrutteringsprosess brukar vi Semac bakgrunnssjekk.
Stillngen vil inngå i ledergruppe for Hydro Energi Sogn og rapportere til Kraftverkssjef.
Søknadsfrist: 06.10.2024
Kraftverksjef
Per Gullaksen
Tlf: 913 33 851
Mail: per.gullaksen@hydro.com
Rekrutterar
Siri Romsbotn
Tlf: 464 33 363
Mail: Siri.Romsbotn@Hydro.com
Om arbeidsgiveren
En jobb der du betyr noe.
For å lykkes med denne oppgaven er det viktig å legge til rette for et kollegialt miljø der forskjellene våre blir verdsatt som vårt største konkurransefortrinn. Et mangfoldig perspektiv gjør oss sterkere. Vårt globale program for mangfold, inkludering og tilhørighet lar oss utvikle en arbeidsplass med høy ytelse og inkluderende egenskaper der alle føler seg verdsatt.
Karriereutviklingen din er unik. Vi streber etter å gi deg den støtten du trenger for å oppnå ditt fulle potensial. Den globale utstrekningen vår, den inkluderende kulturen og den banebrytende teknologien vi bruker gir deg muligheten til å bygge en karriere i tråd med dine styrker og lidenskaper.
Bli en del av vårt globale konsern med over 30 000 personer, tilstedeværelse i 40 land og med fokus på omsorg, mot og samarbeid. I Hydro har du muligheten til å gjøre en forskjell i bransjer som betyr noe.
- Sektor: Privat
- Sted: 6884 Øvre Årdal
- Bransje: Industri og produksjon, Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Nøkkelord
HMS, leder, vannkraft
Annonseinformasjon
- FINN-kode 370986014
- Sist endret