Prosjektingeniør Bygg/Mekanisk
Norsk Hydro
- Frist 6.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Er du Hydro Energi sin nye Prosjektingeniør Bygg/Mekanisk?
Hydro Energi er ein av dei tre største kraftprodusentane i Noreg, med 42 vasskraftverk og ein vindpark på Tonstad som saman produsera heile 14 TWh fornybar energi. Av desse ligg 6 kraftverk i Sogn, med over 700 MW installert effekt fordelt på 13 turbinar. I dei komande åra vil det vere eit betydeleg aktivitetsnivå i Sogn, både med utbygging av nye, store vasskraftverk, oppgradering av våre eksisterande kraftstasjonar og større damrehabiliteringar. I tillegg til dette skal ein ivareta daglege oppgåver innan drift og vedlikehald. Me skal difor utvide teamet i Sogn med ein strukturert og framoverlent Prosjektingeniør med fokus utførelsesfasen.
I Hydro Energi Sogn har me 27 tilsette, hovudsakleg ingeniørar og operatørar, som driftar og utviklar vasskraftverka våre frå lokasjonane i Årdal og Fortun. Arbeidsmiljøet vårt er kjenneteikna av mykje godt humør og arbeid i tverrfaglege team. Hydro Energi oppfordrar alle tilsette til å engasjere seg på tvers av eige fag- og kraftverksområde for å utvide eigen kompetanse og bidra til kontinuerleg forbetring. Dette gjev ei unik moglegheit til å vere med og utvikle både lokal organisasjon og seg sjølv, i ein arbeidskvardag der ein kan veksle mellom arbeid i felt og på kontor.
Di rolle som Prosjektingeniør
Som vår nye prosjektingeniør bygg vert du ein nøkkelressurs i vårt ingeniørteam i avdelinga Teknisk støtte og prosjekter i Sogn. Ei stor del av rolla vil gå med til å følgje opp entreprenørar på anleggsplass og vere byggherrens representant med fokus på synleg leiing.
Dine oppgåver:
- Byggherrens representant med fagleg ansvar i prosjekter som omfattar oppgradering, rehabilitering og nybygg
- Prosjektleiing og kontraktsansvar
- Bidragsytar i Hydro Energi sitt komponentnettverk med ingeniørar og ekspertar på tvers av kraftverksområda våra
- Teknisk støtte til driftsorganisasjonen i Sogn og på tvers i Hydro Energi
- Inspeksjonar og tilstandsvurderingar for å sikre driftssikkerheit og levetid
- Aktiv bidragsytar for kontinuerleg forbetring og digitalisering
- Bidragsytar ved utarbeiding av tekniske spesifikasjonar og anbodsdokument
- Risikoanalyser, sikkerhets- og miljøvurderinger og bærekraft
- Samarbeid med eksterne leverandørar og entreprenørar
Kvifor velge oss: I Hydro veit vi at det er menneska som gjer ein skilnad. Difor legg vi stor vekt på både fagleg og personleg utvikling. På den måten byggar vi eit fellesskap av kompetente og motiverte kollegaer som bidreg til å løyse utfordringane som vi og verda står ovanfor.
Vi søker deg som:
- Utdanning innan bygg eller maskin (master/bachelor), gjerne spesialisering i vasskraft. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
- Solid erfaring som byggherrens representant og med ansvar på anleggsplass.
- God til å samarbeide og koordinere leverandørar og entreprenørar.
- Mobil og fleksibel, kan handtere oppgåver på ulike lokasjonar.
- Systematisk og strukturert i prosjektgjennomføring.
- Meistrar norsk og engelsk, skriftleg og munnleg.
- Trivst med ein variert kvardag, både på kontor og i felt.
- Positiv og løysingsorientert innstilling.
Vi tilbyr:
- Ein spanande moglegheit til å være med på utviklinga av Hydro Energi Sogn samt vere ei sentral brikke i oppfølging av prosjektportofølgja i Sogn.
- Moglegheit for å arbeide i Noregs vakraste reguleringsanlegg med Jotunheimen som næraste nabo
- Direkte påverknad i det grøne skiftet og samfunnsutviklinga
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Eit tverrfagleg arbeidsmiljø prega av kompetanse, stoltheit og nytenking
- Eit tett samarbeid med Hydro Energi sine andre lokasjonar, og moglegheit for å delta i fagnettverk for kunnskapsdeling
Annan informasjon
Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er integrert i Hydros daglege virke. Det er vårt ansvar å beskytte våre tilsette si helse og sikkerheit, og bidra til ei berekraftig utvikling i dei nærmiljøa vi opererar. Vi søker derfor tilsette som vil bidra positivt til dette, gjennom sunne og bevisste HMS-haldningar.
Arbeidsplass vil vere i Øvre Årdal eller Fortun. Ein må pårekna at ein i peridoar må bidra ved Hydro Energi sine andre lokasjonar.
Vi ber deg venleg om å legge ved alle relevante vitnemål og karakterutskrifter med din søknad. Vi aksepterer kun elektroniske søknader. Søknadsbrev og CV mottas ikkje på e-post.
I vår rekrutteringsprosess brukar vi Semac bakgrunnssjekk.
Søknadsfrist: 06.10.2024
Har du spørsmål om stillinga, ikkje nøl med å kontakta:
Rekrutterande leiar
Kristen Rockland Aarethun
Tlf: 918 62 919
Mail: Kristen.Aarethun@Hydro.com
Rekrutterar
Siri Romsbotn
Tlf: 464 33 363
Mail: Siri.Romsbotn@Hydro.com
Om arbeidsgiveren
En jobb der du betyr noe.
For å lykkes med denne oppgaven er det viktig å legge til rette for et kollegialt miljø der forskjellene våre blir verdsatt som vårt største konkurransefortrinn. Et mangfoldig perspektiv gjør oss sterkere. Vårt globale program for mangfold, inkludering og tilhørighet lar oss utvikle en arbeidsplass med høy ytelse og inkluderende egenskaper der alle føler seg verdsatt.
Karriereutviklingen din er unik. Vi streber etter å gi deg den støtten du trenger for å oppnå ditt fulle potensial. Den globale utstrekningen vår, den inkluderende kulturen og den banebrytende teknologien vi bruker gir deg muligheten til å bygge en karriere i tråd med dine styrker og lidenskaper.
Bli en del av vårt globale konsern med over 30 000 personer, tilstedeværelse i 40 land og med fokus på omsorg, mot og samarbeid. I Hydro har du muligheten til å gjøre en forskjell i bransjer som betyr noe.
- Sektor: Privat
- Sted: 6884 Øvre Årdal
- Bransje: Industri og produksjon, Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Bygge- og anleggsteknikk, Mekanisk
Nøkkelord
Prosjektingeniør, vannkraft, mekanisk, bygg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 371049077
- Sist endret