Bildegalleri
Sinn 556
Beskrivelse av varen
Farge: Svart
Tilstand: Pent brukt – I god stand
Utruleg allsidig klokke – rimeleg alternativ til Rolex Explorer og liknande «tool watches». Kjøpt i november 2021 og brukt nesten kvar dag sidan da. Mindre bruksmerke finst, men klokka har aldri vore utsett for vald eller skade.
Eg har stort sett brukt den komfortable silikonreima klokka vart levert med, men denne modellen kler nesten kva som helst, jf. tekstilreima på det siste bildet (følgjer med). Kan jamvel fungera som dressklokke.
Med min bruk taper urverket ca. 5 sekund per dag, men det går svært jamt. Dersom du er opptatt av sånt, vil eg tru at det er mogleg å oppnå noko tilsvarande COSC-presisjon med service/regulering.
Spesifikasjonar:
– svart urskive med datokomplikasjon
– svart silikonreim
– safirglass på framside og bakside
– vasstett til 20 bar
– SW200-1 urverk
– 38,5 mm diameter
– 20 mm reim
– 45,3 mm horn til horn
Lokale kjøparar (Trondheim) vil bli prioriterte.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 20.9.2024, 11:40 ・ FINN-kode: 371077766