Fagarbeidar/ assistent ved Strandvik barnehage
Bjørnafjorden kommune Strandvik barnehage
- Frist 03.10.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Fagarbeidar/ assistent ved Strandvik barnehage
Vi har ledig 50 % vikariat som fagarbeider/ assistent ved Strandvik barnehage frå snarast og fram til 31.07.25.
Vi søkjer deg som ønskjer å vere med på det spanande arbeidet med å utvikle Strandvik barnehage og som vil halde fram med å utvikle barnehagen som ein lærande, nyskapande og inkluderande organisasjon. Barnehagen treng fagarbeidar/assistent som vil vere med på laget og bidra til å skape eit godt og trygt barnehagemiljø. Barnehagen sine verdiar "Meistring, tryggleik og anerkjenning" er sentrale i alt arbeid med barna og er viktig for eit godt barnehage-heim samarbeid.
Arbeidsstad
Strandvik barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader i bygda Strandvik som innbyr til leik og undring. I barnehagen sitt nærområde er det skog, sjø, fjell, skule og butikk. Barnehagen har stor vekt på friluftsliv, danning og sosial kompetanse. Strandvik barnehage er ein spanande arbeidsplass som er i stadig utvikling. Målet er å vere ein god stad for alle barn, og gje barna grunnlag for fagleg og sosial utvikling.
Ansvarsområder
Medansvar for å leggje til rette for barna sin leik, læring og utvikling
Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna i barnehagen sitt inne- og utemiljø, og vere ein god rollemodell
Bidra aktivt og ha medansvar i planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga
Bidra til å jobbe fram forbetringar og gode løysingar
Jobbe førebyggjande og legge vekt på tidleg innsats
Vera brukar og serviceorientert med ein konstruktiv kommunikasjonsform
Kvalifikasjonar
Ønskjeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeiderfaget, og erfaring frå arbeid med barn 0-6 år. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet Søkjar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Vi gjer merksam på at du må leggje fram politiattest
Eigenskapar
Vi ser etter deg som:
Har eit positivt menneskesyn, og gode evner til samarbeid
Tar ansvar og initiativ, og er fleksibel
Har gode evner til kommunikasjon og refleksjon
Erfaring og personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Løn etter gjeldande avtalar
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barnehageassistent
Nøkkelord
Fagarbeider, Fagarbeidar, Barnehageassistent, Barnehage
Annonseinformasjon
- FINN-kode 371396673
- Sist endret