Bildegalleri
Alaskan malamute
Beskrivelse av varen
Me har to flotte hannkvalpar på jakt etter gode heimar.
Sogna Polar's Austre Tyr & Sogna Polar's Austre Odin.
Dei er frå eitt kull på fem som vart fødde 31.juli 2024, og me skal beholde ein kvalp sjølve.
Dei er leveringsklare frå 8 vekers alder og den fyrste kvalpen blir henta 28. September, dei har fått ormekurar, vaksine, chip samt helsesjekk (utan anmerkning) og er registrert i NKK.
Mor Tya (N TCH Hamrelius Montana) og Far Yme (N TCH Team Snowquest Snowy Ymelstind) er begge fri på helsetestane; HD A, augelyst ua (utan anmerkning) og pn fri.
Kvalpane har fått prøvd seg ute i terrenget på småturar, og dei har øvd seg på bilkøyring. Dei har også helsa på/vore saman med andre trygge hundar og fleire menneske (både store og små). Dei bur ute i hundegård, men har vore inne på besøk fleire gonger.
Me er på jakt etter gode, aktive heimar til desse to flotte hannkvalpane, so ta kontakt om du har spørsmål eller er interessert. Tlf.nr 48264169 (send ei melding om du ikkje får svar) (om du vil sjå fleire bileter kan du sjå på kennelsognapolar eller sarasmoe på Instagram).
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 26.9.2024, 16:17 ・ FINN-kode: 372346088