Lærer 100% vikariat
Øygarden kommune
- Frist 13.10.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Foldnes skule
Om avdelinga:
Foldnes skule ligg på Litle Sotra i Øygarden kommune, om lag 15 minutt frå Bergen sentrum. Skulekrinsen dekkjer Foldnes, Våge og Anglevik. Skulen er ein fulldelt barneskule med 285 elevar fordelt på 14. klassar.
Vi ser etter ein lærar som er kvalifisert for undervisning i grunnskulen. Stillinga er knytt inn mot ein klasse på småtrinnet.
Kvalifikasjonar:
- Godkjent undervisningskompetanse for å undervise i grunnskulen
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Har fagleg tyngde
- Viser omsorg og er ein utadvent person.
- Trygg i di rolle og taklar utfordrande situasjonar
- Er ein god relasjonsbyggar
- God og tydeleg klasseleiar
- Er positiv, engasjert, nysgjerrig og har pågangsmot
- God på organisering og systemarbeid
- Høg personleg og profesjonell integritet
- Er lojal mot skulen sine verdiar og mål
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Anna:
Vikariatet er ledig frå 01.12.2024 og ut skuleåret.
Kontakt:
Ragnhild Knudsen Magerøy
Rektor Foldnes skule
Telefon: 90189593
Epost:
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Om arbeidsgiveren
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Skiftedalsvegen 1, 5354 Straume
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer
Nøkkelord
Lærer, lærar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 372601744
- Sist endret