Rovviltkontakt i SNO - Nedre Buskerud
9. Statens Naturoppsyn (SNO)
- Frist 20.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Har du lyst på ein spennande jobb som rovviltkontakt?
Om stillinga
Stillinga som rovviltkontakt, fast tilsett på tilkalling i Statens naturoppsyn (SNO), gir deg høve til å jobbe i felt med innsamling av viktige data som har stor betydning for forvaltninga av store rovdyr. Stillinga er knytt til éin eller fleire kommunar, og du må ha god lokalkunnskap. Det er viktig at rovviltkontakten kan løyse oppgåvene i god kontakt og dialog med beitebrukarar og lokalsamfunnet elles. Rovviltkontakten utfører oppgåver på dei arbeidsområda og i det geografiske området som blir bestemt av den fagansvarlege for rovviltdokumentasjon i lokalt SNO. Oppgåvene skal løysast i tråd med fastsette instruksar og elles på den måten og i den prioriteten som SNO bestemmer.
Arbeidet som lokal rovviltkontakt er eit bierverv. Arbeidet er utprega sjølvstendig, og arbeidstida vil vere varierande, styrt av hendingar og avhengig av behov. Vi strekar under at den enkelte arbeidstakaren sjølv må passe på at den samla arbeidsbelastninga i hovudarbeidsforholdet og arbeidet som rovviltkontakt ikkje overstig det som er forsvarleg.
Naturoppsynsmyndigheit er ikkje ein del av rolla som rovviltkontakt. Arbeidet krev god rolle- og aktørforståing og at ein følger policyen til arbeidsgivaren og HMS-reglementet som gjeld innanfor dei aktuelle arbeidsområda og oppgåvene. Rovviltkontakten har plikt til å delta på kurs og andre kompetansehevande tiltak i regi av SNO.
Stillinga sine hovudansvarsområde
- gjennomføre skadedokumentasjon i felt ved mistanke om rovviltskadar på husdyr og tamrein
- kontrollere tilfeldige meldingar om rovvilt, som har prioritet for registrering i samsvar med overvakingsprogrammet for rovvilt
- kvalitetssikre og rapportere innsamla faglege data i samsvar med instruksar
- planlegge og organisere sitt eige feltarbeidsområde innanfor gjeldande instruksverk og retningslinjer
- eigenadministrasjon innanfor timelister, reiserekningar mv.
- avlaste kollegaer innanfor ansvarsområdet ved behov
- bistå i opplæringa av nytilsette rovviltkontaktar
- kontakt med lokale beitebrukarar, aktuelle kommunar, grunneigarar, lokale samarbeidspartar, interesseorganisasjonar og publikum
- informasjons- og representasjonsoppgåver for SNO ved behov
- Arbeidsoppgåvene er styrte av hendingar og krev stor fleksibilitet med tanke på planlegging og gjennomføring. Du må rekne med å bruke din eigen bil. Bilbruken blir dekt etter statlege satsar.
Rovviltkontakten kan ved behov bli spurd om å ta på seg oppdrag utanfor kjernefunksjonen.
Hovudgeografien for den utlyste stillinga er Flå, Ringerike, Sigdal, Modum, Krødsherad og Hole kommuner.
Kompetansekrav
Kvalifikasjonar
- Det er ingen krav om formell utdanning, men du må ha god generell feltkompetanse og erfaring frå sjølvstendig arbeid.
- Det blir lagt vekt på kompetanse innan fagområdet og felterfaring frå rovviltarbeid.
- Det krevst god lokalkunnskap om området du skal arbeide i, og det er forventa at du har fast tilhald i området.
- Det blir lagt vekt på innsikt og kunnskap om rovviltforvaltning generelt og om verksemda til SNO spesielt.
- Du må ha alminneleg gode kunnskapar om bruk av dataverktøy, og gode kunnskapar om bruk av GPS er ein fordel.
Eigenskapar
- Det blir lagt vekt på erfaring frå samarbeid innanfor beitenæring/-organisasjonar.
- Det er nødvendig med god evne til positiv relasjons- og tillitsbygging overfor aktuelle brukargrupper.
Søkarane må ha godt omdømme i det lokale arbeidsområdet og god vandel. Referansar kan bli innhenta frå kommunar og lokal beitenæring.
Vi tilbyr
- fast stilling på tilkalling, normalt inntil 300 timar per år
- stilling som teknikar og med lønn på for tida kr 233,- per time (statens lønnsregulativ)
- opplæring i gjeldande policy, metodar og HMS-reglement
Har du spørsmål?
Kontaktperson for stillinga er regionalt fagansvarleg i SNO, seniorrådgivar Espen Marker, tlf. 97 57 09 75 eller e-post espen.marker@miljodir.no.
Oppgi referansenummer 91-2024 SRD når du tek kontakt.
Generelle opplysningar
Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.
Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsdugnaden/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-0). Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.
Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa (https://www.miljodirektoratet.no/personvernerklaring/) vår.
Om arbeidsgiveren
Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.
Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene i Miljødirektoratet. Vi utviklar og følgjer opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analysar, overvaker og kartlegg artar, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparkar og naturreservat. Nokre oppgåver krev at tilsette med ulik fagkompetanse jobbar saman på tvers. På den måten sikrar vi størst mogleg fagleg tyngd i leveransane våre. Vi lærer av kvarandre og utviklar oss internt. Andre arbeidsoppgåver krev sjølvstendig jobbing.
For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg vis, treng vi medarbeidarar i alle aldrar med ulike fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaringar og perspektiv. Er du kvalifisert til ei ledig stilling, oppfordrar vi deg til å søkje.
Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet, og har om lag 730 fast tilsette ved kontora våre i Trondheim og Oslo, og i Statens naturoppsyn (SNO) som er lokalisert 56 stader i landet.
Se alle ledige stillingar i Miljødirektoratet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Nedre Buskerud, 3539 Flå
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Annet, Biolog
Annonseinformasjon
- FINN-kode 372688701
- Sist endret