Miljøterapeut - Fast 100% i turnus- Barnevern Miljøteam
Alver kommune
- Frist 13.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Miljøterapeut – Fast 100% stilling i turnus- Barnevern Miljøteam
Miljøteamet er ein del av ei ny avdeling i barneverntenesta:
Barne- og familieavdeling.
Avdelinga består av eit rettleiingsteam i tillegg til Miljøteamet. Miljøteamet har arbeidsstad i eigen bustad kor også samværsstaden inngår.
Miljøteamet retter tiltak/oppgaver både mot barn, unge og familier. Teamet består av 6 miljøterapeuter, ein operativ leiar og ein rettleiar.
Arbeidsoppgåver
- Miljøarbeid retta mot born, unge og familiar
- Tilsyn og tilrettelegging av samvær
- Familieråd
- Intensivt arbeid i akutte tilfelle
- Ettervern
Kvalifikasjonskrav:
- Bachelornivå som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleier eller anna relevant høgskuleutdanning.
- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid.
- Kjennskap til kommunale tenester/organisering og god kjennskap til 1. linetenester. Sertifikat klasse B (avdelinga har tenestebilar)
- Er kjent med at dokumentasjon er en viktig del av arbeidet og gjennomfører det med god skriftlig framstillingsevne (krav er Norsk B1).
- Erfaring med endringsarbeid
- Det er krav om å legge fram godkjend politiattest, med heimel i barnevernlova, ved tiltrede i stillinga
Personlege eigenskaper
Vi er ute etter deg som er målretta, god på å bygge relasjoner, evner å samarbeide godt på de områdene oppdraget krever og i tillegg er trygg, løysningsorientert og sjølvstendig.
For å lukkast i stillinga er det ei føremon med noko relevant arbeidserfaring.
Vi tilbyr
- Du kjem til ei teneste med godt arbeidsmiljø, dyktige kollegaer og til ei teneste i spanande utvikling
- Vi har flotte og tilpassa lokalitetar
- Sjølvstendig fleksibelt arbeid
- Turnusarbeid med arbeid dag, kveld og helg i turnus.
- Fagutvikling på fleire ulike område
- Systematisk oppfølging og rettleiing
- Deltaking i utviklingsarbeid
- God pensjonsordning
- Løn etter gjeldande tariffavtale basert på kompetanse og erfaring.
Om arbeidsgiveren
Alver barnevernsteneste er lokalisert i Knarvik/ Nordhordland og er plasserte i heilt nye flotte lokalar i Helsehuset i Knarvik.
Miljøteamet er lokalisert i ein bustad nærliggjande. Barnevernstenesta består av tenesteleiar, kontorfagleg avdeling, samt i alt fire avdelingar: Mottak og undersøking, Tiltaksavdeling, Barne- og familieavdeling og Fosterheim. Tenesta har òg ei stilling som samarbeids- og nettverkskontakt som i hovudsak arbeider med ekstern opplæring og samarbeid med andre instansar, eigen psykolog og fagleiar.
Barnevernstenesta er særleg oppteken av medverknad frå born, og kunnskap frå born og foreldre. Tenesta er vidare oppteken av å driva eit godt forsvarleg barnevern på alle område, samt ha høg kvalitet på utføring av arbeidet. Det er eit mål for barnevernstenesta å få eit meir ope barnevern, der me er synlege og meir tilgjengelege for born, foreldre, og tilsette i barnehage, skule og førebyggjande helse. Barneverntenesta deltek i diverse prosjekt og har fokus på utvikling og kompetanseheving for den enkelte medarbeidar og tenesta som heilskap.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 373053078
- Sist endret