Elektromontør Sterkstraum
Helse Bergen
- Frist 20.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Elektromontør Sterkstraum
Elektroseksjonen søkjer ein serviceinnstilt elektromontør sterkstraum til å bli med å halda oppe sikker straumforsyning til heile Haukeland Sjukehus.
Ein av dei viktige seksjonane til Teknisk avdeling på Haukeland Sjukehus treng ein serviceinnstilt elektromontør for å drifta sjukehuset. Elektrikarar speler ei viktig rolle i å halda oppe tryggleiken og funksjonaliteten til elektriske system, spesielt i sensitive omgivnader i sjukehuset. Dei handterer installasjon, vedlikehald og reparasjon av samfunnkritiske system for å sikra at alt fungerer som det skal og at det er trygt for pasientar og tilsette.
Arbeidsstad for stillinga er Elektroseksjonen, som er ein av 10 seksjonar ved Teknisk avdeling. Elektroseksjonen sørgjer for at alle elektrotekniske installasjonar ved Helse Bergen er i god stand og verkar som planlagd til ein kvar tid. Det er 18 trivelege tilsette med høgt kompetansenivå og yrkesstoltheit ved seksjonen. Me ser etter deg som har ei løysingsorientert tilnærming til oppgåver og utfordringar. Helse Bergen er ei høgteknologisk verksemd og me ønskjer at du trivast med samarbeid på tvers av faggrupper, i seksjonen og ved føretaket ellast.
Viktige arbeidsoppgåver for elektroseksjonen er mellom anna drift av det elektriske anlegget på Haukeland universitetssjukehus som inkluderer UPS-anlegg, naudstraumsanlegg, periodisk vedlikehald, naudlys, Gruppe 0,1 og 2 rom (medisinske område), brannalarmanlegg, samt kontroll i samband med overtagelse av nybygg.
Haukeland Sjukehus består av bygningar frå tidleg 1900-talet fram til hypermoderne bygg som bland anna inneheld helikopterlandingsplass, hotell, barnehagar, medisinske område, operasjonsaler, smitteisolat med meir. Dette krev høg teknologisk kompetanse og kursing/kompetanseheving er dermed ein del av arbeidskvardagen.
Arbeidsoppgåver
- Drift og vedlikehald av dei elektriske anlegga
- Assistere ved akutte hendingar
- Dagleg oppfølging av SD anlegg
- Drift og vedlikehald av lysanlegg og tilhørende styringssystem
- Service av elektrisk utstyr, kontroll/verifisering Gr 0, 1 og 2 rom
- Lukke avvik etter Internkontroll
- Feilsøk og reparasjonar av elektrisk utstyr og mindre ombyggingar
- Kunne delta i vaktordning ved behov
- Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper når det trengs
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som elektrikar (Gruppe L )
- Førarkort klasse B
- Det vil bli lagt vekt på relevant erfaring frå tilsvarande arbeid
- Du held deg oppdatert på gjeldande lovar og forskrifter
- Kunne bruke PC som arbeidsverktøy
- Må meistre norsk (Bokmål eller Nynorsk) med god skriftleg og munnleg formuleringsevne
- Evne å fagleg sette seg inn i Helse Bergen sine anlegg
- Kjennskap til el-installasjonar og kontrollar i medisinske område er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Arbeide strukturert med klare mål
- Kundeorientert og serviceinnstilt i ditt arbeid
- Arbeide sjølvstendig og samstundes trivast i team
- Vere løysingsorientert med høy fokus på tryggleik
- Trivast i eit miljø kor ein vidareutviklar seg sjølv og sine kollegaer
- Kunne samarbeide med andre yrkesgrupper
- Teknisk interessert med spesiell interesse for elektrofaget
Vi tilbyr deg
- Fagleg og personleg utvikling
- Triveleg arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige medarbeidarar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksitid med betalt lunsjtid
- Haukeland Sykehus idrettslag med mange spennande aktiviteter.
- Kantine med tilsettrabatt
- Lønn etter avtale
- Tilsetting etter nærare avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
- Bransje: Bygg og anlegg, Drift og vedlikeholdstjenester, Håndverkstjenester
- Stillingsfunksjon: Andre montører, Elektriker, Håndverker
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Elektriker, Elektrikar, Elektromontør, UPS, Nødstrøm
Annonseinformasjon
- FINN-kode 373067415
- Sist endret