HMS/SHA rådgivar
Statens vegvesen
- Frist 14.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye medarbeidar?
I Drift og vedlikehold Avdeling midt har vi ledig ei fast stilling som HMS/SHA-rådgivar i avdelinga sin stab med tiltreding snarast mogleg. Vi ønskjer ein HMS/SHA-rådgivar som er pådrivar og bidrar til profesjonell oppfølging av byggherreansvaret i avdelinga slik at arbeidstakarar, materiell og ytre miljø vernast mot fare.
Ei av hovudoppgåvene dine vil være å hjelpe til med utarbeiding av SHA-planar og Ytre miljøplanar og hjelpe til med avdelingas Synergi- og HMS-rapportering. Du tar også del i arbeidet med byggherre si risikovurdering i prosjekt.
Du vil ha ansvar for HMS-rådgiving i entreprisedrifta og må kunne ta rolla som koordinator etter byggherreforskrifta. Analyse av HMS-data og formidling av kunnskap til organisasjonen samt å ta del i HMS-fagnettverket i divisjonen vil være sentrale oppgåver. Avhengig av dine kvalifikasjonar kan oppgåver innafor kvalitet eller prosessleiing i samhandling bli lagt til stillinga.
Du skal samarbeide både med leiarar, prosjektleiarar, byggeleiarar og andre tilsette i avdelinga innanfor drift, vedlikehold og våre plan- og utbyggingsoppgåver.
Vi har no 69 tilsette i Avdeling drift og vedlikehold midt som dekkjer fylka Trøndelag og Møre og Romsdal. Vi har 3 seksjonar og avdelingsleiar med stab. Våre medarbeidarar held til i Ålesund, Molde, Trondheim og Steinkjer.
Kontorstad for denne stillinga er fortrinnsvis Molde eller Trondheim.
Kompetansekrav
- Vi ser etter deg som har relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskole, minimum 3 år. Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Du har relevant erfaring frå oppfølging av HMS i entreprisekontraktar for bygge - og vedlikehaldsprosjekt på veg eller frå liknande bransjar.
- Førarkort kl. B er et krav.
Vi legg vekt på personlege eigenskapar og ønskjer at du:
- har evner til og engasjement i å utvikle og drive HMS/SHA i ei avdeling og bidra til å sikre at aktivitet i området utøvast i tråd med relevant HMS lovgjeving og instruksar.
- har gode samarbeidsevner, er omgjengeleg og vil tileigne deg og dele kunnskap
- er god på norsk skriftleg og munnleg kommunikasjon
- er en god formidlar og pådrivar for opplæring innan HMS området.
- har solid digital kompetanse og er komfortabel med bruk av elektroniske verktøy i arbeidskvardagen
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Krav til søknaden
Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Har du spørsmål om stillinga?
Kontakt avdelingsdirektør Ruth Myklebust, tlf. 91116300.
Om arbeidsgiveren
Statens vegvesen fører an i utviklinga av eit framtidsretta, effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem. Vi byggjer, driftar og held ved like riksvegane i landet, og vi tar vare på heilskapen gjennom det nasjonale ansvaret vårt for beredskap på veg, og ved utvikling av eit tydeleg regelverk og standardar for alle.Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tenester sikrar vi trafikantane og næringslivet ein tryggare, enklare og grønare reisekvardag.
Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.
Noko av det viktigaste vi gjer for samfunnet og miljøet er å ta vare på det vegnettet vi allereie har. I divisjon Drift og vedlikehold har vi ansvaret for heilårsdrift av riksvegane, inkludert ferjer. Vi held ved like og utviklar vegnettet, og planlegg og gjennomfører utbetringsprosjekt. Drift og vedlikehald har rundt 880 medarbeidar over heile landet, og ein årleg omsetnad på om lag 16 milliardar kroner.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Julsundvegen 9, 6412 Molde
- Flere arbeidssteder: Sorgenfriveien 11, 7031 Trondheim
- Bransje: Bygg og anlegg, Drift og vedlikeholdstjenester, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: HMS, Ingeniør, Rådgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 373100365
- Sist endret