Avdelingsdirektør
Kultur- og likestillingsdepartementet
- Frist 21.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsdirektør
Om stillinga
Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) søkjer ein engasjert avdelingsdirektør til seksjon for likestilling og kulturelt mangfald.
Seksjonen har eit breitt ansvarsområde som inkluderer å utvikle og koordinere politikk knytt til likestilling mellom kjønn, personar med nedsett funksjonsevne, etnisk diskriminering og hatefulle ytringar, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Seksjonen har også ansvar for å fremje kulturelt mangfald i kulturlivet.
Som avdelingsdirektør vil du ha det overordna ansvaret for å leie og utvikle seksjonen, som består av ti dyktige medarbeidarar. Du vil spele ei sentral rolle i å forme og implementere regjeringa sin likestillingspolitikk, og du vil samarbeide tett med både politisk og administrativ leiing i departementet. Arbeidet i seksjonen vil bestå i å forme politikk innan strategiutvikling, utarbeiding av handlingsplanar og forvaltning av tilskotsordningar.
Du vil også ha personalansvar, noko som inneber å motivere og utvikle medarbeidarane dine og sikre at seksjonen leverer høg kvalitet på oppgåvene sine.
Avdelingsdirektøren er ein del av leiargruppa i avdelinga og rapporterer direkte til ekspedisjonssjefen, som er den øvste leiaren for avdelinga.
Arbeidsoppgåver
Som avdelingsdirektør vil du mellom anna
- leie, organisere og følgje opp arbeidet i seksjonen
- ha resultatansvar for oppgåvene i seksjonen
- utvikle fagområda og medarbeidarane
- bidra til å leie og utvikle avdelinga
Det er viktig at du er fleksibel og open for endringar i porteføljen, og at du kan samarbeide på tvers av seksjonar og avdelingar.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter ein leiar som er handlekraftig og løysingsorientert, og som har evne til analytisk og strategisk tenking. Du må kunne utvikle oppgåveløysinga og felta seksjonen har ansvar for. Stillinga krev at du er administrativt ryddig og forstår rolla som leiar i eit departement, noko som inneber at du må ha god forvaltnings- og prosesskompetanse.
Du må ha:
- høgare utdanning på masternivå
- god forståing av forholdet mellom politikk og forvaltning, og av embetsrolla
- erfaring frå offentleg verksemd, fortrinnsvis frå eit departement
- svært god munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og engelsk
- relevant leiarerfaring
God kompetanse om likestillings- og diskrimineringsfeltet og kulturelt mangfald er ein føremon.
Vi ser etter ein leiar som
- har godt humør og ein trygg, tydeleg og motiverande leiarstil
- er fleksibel og sjølvstendig
- har svært gode samarbeidsevner
- er motivert og har interesse for leiing
- evnar å organisere arbeidet, delegere og sørgje for framdrift og gode leveransar til rett tid
- er initiativrik og utviklingsorientert
- har gjennomføringsevne
Stillinga er eit embete, og du må difor vere norsk statsborgar for å bli tilsett. Den som blir tilsett i stillinga må kunne klarerast for tilgang til informasjon gradert HEMMELIG etter sikkerhetsloven.
Vi bruker bakgrunnssjekk frå Semac i rekrutteringsprosessane våre, og godkjend bakgrunnssjekk er ein føresetnad for tilsetjinga.
Arbeidsavtalen vil innehalde ein klausul om mogleg karantene og saksforbod ved overgang til ny stilling utanfor staten.
Vi tilbyr
Hos oss i Kultur - og likestillingsdepartementet vil du bli ein del av eit kunnskapsrikt og stimulerande arbeidsmiljø med engasjerte, kompetente og resultatorienterte medarbeidarar. Kvardagen er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø. Du vil få brukt kunnskapane dine i samarbeid med andre, og gjennom oppgåveløysing får du høve til å halde deg fagleg oppdatert.
Vi held til i trivelege lokale midt i Oslo sentrum. Som tilsett hos oss har du fleksibel arbeidstid, høve til trening i arbeidstida, pensjonsordning og rett til å søkje bustadlån gjennom Statens pensjonskasse. Vi har òg eit eige introduksjonsprogram for nytilsette.
Du vil bli innplassert som avdelingsdirektør i stillingskode 1218 med ei brutto årsløn frå 966 300 kroner (lønstrinn 84) til 1 149 700 kroner (lønstrinn 91). For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vere aktuelt.
Som leiar hos oss får du ansvar for spennande og fagleg utfordrande arbeids- og leiaroppgåver, og du får ei aktiv rolle i å leie seksjonen og bidra til å utvikle avdelinga. Du må vere fleksibel og kunne bidra i arbeidet med både nye oppgåver og endra oppgåver.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre.
Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Det gjeld særleg personar med nedsett funksjonsevne, personar med hol i cv-en og person med innvandrarbakgrunn. Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du fell inn under ein av dei nemnde kategoriane. Vi vil kalle inn minst éin kvalifisert søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Les meir om krava på arbeidsgjevarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten).
Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Offentleg søkjarliste og kontakt
Dei som søkjer, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.
Vil du ha meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med Helle Campbell på telefon 93 0149 93.
Om avdelinga og seksjonen
Avdeling for likestilling, diskriminering og internasjonale saker har sektoransvar og koordineringsansvar på politikkområda likestilling og diskriminering, og ansvar for å følgje opp internasjonale konvensjonar og internasjonalt arbeid på området. Avdelinga har i tillegg ansvar for regelverk på likestillings- og diskrimineringsområdet, kulturelt mangfald og generelle internasjonale kultursaker.
Ansvaret for styringa av Diskrimineringsnemnda, Likestillings- og diskrimineringsombodet og likestillingsoppgåvene i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet ligg til avdelinga.
Avdelinga arbeider med eit breitt spekter av verkemiddel innanfor politikkområda, med hovudvekt på lov- og politikkutvikling, tilskotsordningar, strategiar og handlingsplanar, forskings- og utviklingsarbeid (FoU) og styring av underliggjande verksemder. Avdelinga deltek i internasjonalt arbeid på det likestillingspolitiske og kulturpolitiske området i forum som FN, EU/EØS, Europarådet, Nordisk ministerråd og OECD.
Avdelinga er sett saman av to seksjonar og ein stab. Stillinga er plassert i seksjonen LI1.
Om arbeidsgiveren
Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Grubbegata 1, 0179 Oslo
- Bransje: Annet, Kunst og kultur, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Annet, Kontor og administrasjon, Ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 373215876
- Sist endret