HR-rådgjevar
Vest politidistrikt
- Frist 15.10.2024
- Ansettelsesform Fast
HR-rådgjevar
Vil du jobbe som HR-rådgjevar i ei kompleks og spennande verksemd med eit meiningsfylt samfunnsoppdrag?
I Vest politidistrikt har vi ledig ei fast stilling som HR-rådgjevar ved Seksjon for HR. Seksjonen er ein del av Stab for HR og HMS som er ein strategisk leiarstøttestab for politimeisteren og hans leiargruppe i Vest politidistrikt.
Som HR-rådgjevar vil du få ansvar for ein eller fleire driftseiningar innanfor alle HR-relaterte saker. Det inneber å rådgi og sparre med leiarane i driftseiningane for å gjere dei i best mogleg stand til å løyse oppgåvene sine.
HR-seksjonen består av 11 dyktige medarbeidarar med variert utdanningsbakgrunn og god spreiing på alder og kjønn. Vi har eit godt arbeidsmiljø med stor takhøgd, og er opptekne av å spele kvarandre gode. Vi holder til i lyse og trivelige lokaler, og sitter i åpent kontorlandskap.
Politietaten er i eit pågåande prosjekt for å skru saman framtidas HR i politiet. Det inneber mellom anna standardisering og digitalisering av HR-prosessar, og større grad av fagleg samarbeid og erfaringsdeling på tvers av politietaten. Vi har eit høgt HR-fagleg nivå og er opptekne av å kontinuerleg utvikle oss.
Vi ser etter deg som vil bidra til god HR-fagleg kvalitet i møte med leiarar og medarbeidarar i Vest politidistrikt. Vil du vere med oss på laget?
Arbeidsoppgåver
- Gi opplæring, råd og rettleiing til leiarar i rekrutteringsprosessar
- HR-rådgiving innanfor alle typar HR-spørsmål
- Sakshandsaming og administrativ oppfølging av HR-saker
- Bidra til utvikling av HR-arbeidet i politiet
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Relevant mastergrad eller relevant utdanning på bachelornivå kombinert med relevant arbeidserfaring
- Relevant arbeidserfaring blir vektlagd og kan i særkilde høve kompensere for kravet til utdanning
- God munnleg og skriftleg framføring på begge målformer
- God digital kompetanse, med evne til å setje seg raskt inn i nye system
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må leverase ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41.
Ønskjeleg:
- Kunnskap om relevant lov- og avtaleverk i staten er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Evne å jobbe systematisk, nøyaktig og effektivt i ein hektisk arbeidskvardag
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne å setje seg raskt inn i problemstillingar, vere fleksibel og sjå løysingar
- Sjå moglegheiter og ta initiativ til forbetring
- Vere ein positiv bidragsytar til å skape trivsel og eit godt arbeidsmiljø
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevissthet, du er modig og heilhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her:
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme framtidas politi
- Stillinga vert avlønna som rådgjevar (stillingskode 1434), fra lønnstrinn 68 / kr 667.700 til lønnstrinn 71 / kr 708.000 brutto per år
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
- Gode arbeidsvilkår (mellom anna fleksibel arbeidstid, sommertid, trening i arbeidstida o.l.)
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfold er ein styrke. Vi treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgaveløysing. Så langt det er mulig vil vi leggje tilrette for medarbeidarar som treng for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkjar i kvar av disse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i disse gruppene, det vil si positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppfordrer vi deg til å krysse av for dette i vår rekrutteringsportal. Avkrysning gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege virksomheter rapporterer i sine årsrapporter.
Du kan lese mer på arbeidsgiverportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Opplysingar om deg kan bli gjort offentleg sjølv om du har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.
Om arbeidsgiveren
Vest politidistrikt
dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 600 600 innbyggjarar.
Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord,
Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag
1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren
har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
- Nettverk: LinkedIn
- Sektor: Offentlig
- Sted: Vestre Strømkaien 7, 5008 Bergen
- Bransje: HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
HR-rådgiver, Rekruttering, Personal, Rådgivning, HR Business partner
Annonseinformasjon
- FINN-kode 373267150
- Sist endret