Ingeniør/rådgivar
Statens vegvesen
- Frist 23.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du arbeide med arbeidsvarsling, skilt og trafikkteknikk?
På Transportforvaltning vest 3 søkjer vi ein engasjert medarbeidar som kan styrke oss innan oppgåvene arbeidsvarsling, skilt og trafikkteknikk. Du vil få nære kollegaer du vil samarbeide med og inngå eit godt og kompetent fagmiljø.
Vi er i dag 16 medarbeidarar, alle med kontorplass i Bergen. Seksjonen dekker 15 kommunar i og rundt Bergen. Vårt mål er å styrka Statens vegvesen rolle som den fremste samfunnsaktøren innan veg og vegtransport regionalt og lokalt.
Kontorstad for stillinga er Bergen. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan Stord kontorstad vurderast.
Arbeidsoppgåver
- Behandle arbeidsvarslingsplanar for arbeid på eller ved riks- og fylkesveg. Målet er å gje god trafikktryggleik for arbeidarar og trafikantar og god framkomst. Dette krev tett dialog med byggherre og entreprenørar for å finne løysingar.
- Kontroll av arbeidsvarsling på riks- og fylkesvegar
- På sikt kan det også vere aktuelle oppgåver knytt til:
- Permanente skilt- og vegoppmerking: ansvar for vedtak for all skilting langs riks- og fylkesvegnettet og trafikkregulerande skilt langs kommunal veg.
- Andre oppgåver innan veg- og trafikkteknikk kan også vere aktuelt ut frå behov og interessefelt til medarbeidar.
Kompetansekrav
Du må ha:
- Minimum tre års relevant utdanning frå universitet eller høgskule, fortrinnsvis innan fagkretsen plan-, veg- og trafikkteknikk. Relevant erfaring innan dei aktuelle oppgåvene kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Evne til å samarbeide internt og eksternt, og er aktivt med på skapet et godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø.
- Gode kommunikasjonsevner i norsk, både skriftleg og munnleg.
- Evne til å vere strukturert, ta initiativ, være løsningsorientert, kunne samarbeid og samstundes jobbe sjølvstendig.
- Evne til å handtere innspel og engasjement frå dei partane sakene gjeld.
- Førarkort klasse B.
Dersom du er nyutdanna innanfor fagkretsen plan-, veg og trafikk vert du oppfordra til søke stillinga.
Det er ønskjeleg med:
- Det er ønskjeleg med erfaring innan forvaltning og samferdsle frå offentleg eller privat sektor.
- Kompetansen din høver inn i den samla kompetansen på seksjonen.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Krav til søknaden
Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Har du spørsmål om stillinga?
Dersom du har spørsmål om stillinga eller arbeidsoppgåvene, kan du ta kontakt med seksjonsleiar Frode Moen Aarland på telefon 55516459 / 48885554 eller e-post: frode.aarland@vegvesen.no.
Om arbeidsgiveren
Statens vegvesen fører an i utviklinga av eit framtidsretta, effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem. Vi byggjer, driftar og held ved like riksvegane i landet, og vi tar vare på heilskapen gjennom det nasjonale ansvaret vårt for beredskap på veg, og ved utvikling av eit tydeleg regelverk og standardar for alle.Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tenester sikrar vi trafikantane og næringslivet ein tryggare, enklare og grønare reisekvardag.
Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen
- Flere arbeidssteder: Vabakkjen 7, 5404 Stord
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Saksbehandler, Samferdselsteknikk og arealplanlegging
Nøkkelord
Ingeniør, arbeidsvarsling, trafikkteknikk, transport, samferdsel
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 373408168
- Sist endret