Prosjektleiar digitaliseringsprosjekt
Helse Bergen
- Frist 15.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Prosjektleiar digitalisering
Har du erfaring som prosjektleiar og ønskjer å bidra i utviklinga av ein av vestlandets største og mest komplekse verksemder? Vil du jobbe med forbetring og utvikling av sjukehusdrift med fokus på å avlaste personell og styrke pasienten sin stilling? Liker du å jobbe saman med kompetente og engasjerte kollegaer? Vi søkjer deg til å leie målretta arbeid for digitalisering av arbeidsprosessar og pasientdeltaking i sjukehuset.
Haukeland universitetssjukehus skal i åra som kjem ta i bruk IKT og annan teknologi for å gje ein betre kvardag for våre medarbeidarar og pasientar. Løysingane blir utvikla og klargjort av regionale prosjekt, men sjukehuset har ansvar for å førebu og ta i bruk teknologi i eigen organisasjon. Som prosjektleiar må du ha god evne til å forstå kompleksiteten i verksemda, og du må jobbe tett saman med leiinga og medarbeidarane i sjukehuset, for å lukkast.
E-helse i Forsking- og utviklingsavdelinga har mellom anna ansvar for innføring av nye IKT-løysingar i sjukehuset. Vår oppgåve er å leggje til rette for at klinikken kan realisere nytten av ny teknologi som blir tatt i bruk. E-helse er bindeledd mellom klinikkar i sjukehuset og IKT-personell som utviklar og tilpassar IKT-løysingane hos eksterne IKT-leverandører og Helse Vest IKT. Våre medarbeidarar har fokus på kvalitetsforbetring, tryggleik og effektivitet gjennom digitalisering, og arbeider tett saman med leiinga og medarbeidarane i sjukehuset.
Som prosjektleiar i E-helse får du ein unik moglegheit til å bidra i utviklinga av sjukehuset og jobbe med digitalisering av helsetenesta.
Arbeidsoppgåver
- Planleggje og gjennomføre større og mindre innførings-, forbetrings- og endringsprosjekt
- Følgje prosjekt frå ide til løysingar er tatt i bruk i sjukehuset
- Delta i arbeid med gevinstplanlegging og -realisering
- Rapportere til styringsgruppe og lokalt porteføljekontor
Kvalifikasjonar
- God teknologiforståing, med erfaring frå arbeid i grenseflata mellom prosess, teknologi, organisasjon og endring
- Gjerne erfaring frå prosjektleiing, tenestedesign og endringsarbeid
- Erfaring med bruk av smidige metodar og verktøy
- Kunnskap om helsetenesta er ein fordel
- Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, både skriftleg og munnleg
- Høgare utdanning innan IKT, organisasjon og leiing, teknologi/informatikk, prosjektleiing
Personlege eigenskapar
- Du er god på å byggje relasjonar og evner å samarbeide og kommunisere godt
- Du set deg raskt inn i komplekse problemstillingar og løyser dei på ein gjennomtenkt og analytisk måte
- Du er flink til å gjennomføre, kan planleggje godt og vere strukturert – òg når det er mykje som skjer samstundes
- Du trivast med å halde progresjon i arbeidet, men er tolmodig og uthaldande i kompliserte prosessar
Vi tilbyr
- Utfordrande oppgåver og fagleg utvikling
- Moglegheit til å bidra i utviklinga av Haukeland universitetssjukehus
- Tverrfagleg arbeidsmiljø med kompetente, dyktige og dediserte kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
- Lønn etter avtale
- Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidsliv (IA)-bedrift
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Møllendalsbakken 7, 5009 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Helse og omsorg, IT
- Stillingsfunksjon: Database, Helsepersonell, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Digitalisering, Prosjektledelse, Tjenestedesign, prosjektleiing, FoU, Forsknings- og utviklingsavdeling, sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 373512053
- Sist endret