
Sommarjobb / Internships 2025
Sognekraft
- Frist 14.11.2024
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Me produserar fornybar energi – søk på sommarjobbar som gir ein smakebit på framtida
Søk på Camp Sognekraft 2025!
Er du student og på utkikk etter ein spennande sommarjobb innan fornybar energi? Vil du samtidig utforska den spektakulære naturen i Sogn? Bli med på Camp Sognekraft – ein sosial og lærerik sommarjobb der du får fagleg utvikling og minnerike opplevingar!
Når: 23. juni – 25. juli 2025 (veke 26-30)
Stad: Sogndal. Me stiller med bustad og bil til disposisjon.
Søknadsfrist: 17. november 2024
Kva er Camp Sognekraft?
Sognekraft er ein viktig kompetansearbeidsplass i Sogn, og Camp Sognekraft er spesielt utvikla for å gje studentar ei smakebit på arbeidslivet i eit energikonsern. Dette er meir enn berre ein sommarjobb – her får fire studentar høve til å jobba med reelle utfordringar innan fornybar energi. Prosjektoppgåvene vert tilpassa den faglege bakgrunnen til studentgruppa, og resultata vil gje oss verdifull innsikt i møte med framtidas krav til energi, teknologi og berekraft.
Gjennom opphaldet vil du få rettleiing frå erfarne fagfolk og besøke kraftverk og nettanlegg. Du vil få praktisk erfaring i kombinasjon med spennande prosjektarbeid.
Fritid og sosiale aktivitetar
På fritida kan de nytte bilen til å utforske det vakre landskapet i Sogn, med fjell og fjordar like i nærleiken. Jotunheimen ligg berre ein god time unna. I tillegg sørger me for me bustad i Sogndal sentrum, og det vert lagt til rette for kjekke sosiale aktivitetar gjennom heile sommaren. Som prikken over i-en avsluttar me campen med festivalpass til ein lokal festival!
Kven ser vi etter?
Me ser etter fire engasjerte studentar med ulik fagleg bakgrunn. Du må ha lyst til å bryne deg på utfordrande prosjektarbeid, ta initiativ, og trivast med varierte oppgåver. Skriv gjerne i søknaden om dine personlege eigenskapar, og kvifor nettopp du bør bli vald til dette prosjektet.
Etter fem veker med fagleg påfyll og gode opplevingar, vil de presentera resultatet av prosjektet. Her kan de verkeleg visa kva de er gode for! Kanskje vil du vera aktuell for fast jobb hjå oss etter endt utdanning?
Om arbeidsgiveren
I Sognekraft-konsernet er vi nærare 160 energiske medarbeidarar – og vi vil bli fleire og gjerne fleire kvinnelege kollegaer!
På fritida likar vi å utfordra oss sjølve i denne enorme leikeplassen her i Sogn. Vi kosar oss i laussnøen, klatrar og klyv oppover fjellsidene, syklar og vandrar gjennom landskapet, og nyt gode dagar på verdas lengste og djupaste fjord.
Sognekraft skal utføre mange spennande utviklingsoppgåver dei neste åra. Vi skal utvikle straumnettet vårt for framtida. Ei framtid der vi tek høgde for klimaendringar og ekstremvêr, som set større krav til leveringstryggleik og kvalitet. Vi skal auke produksjonen vår av rein fornybar energi.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Dalavegen 25, 6856 Sogndal, 6856 Sogndal
- Bransje: Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Ingeniør
Nøkkelord
sommerjobb, NTNU, elkraft, teknologi, internship
Annonseinformasjon
- FINN-kode 373518497
- Sist endret