Økonomi- og administrasjonsleiar
Stord folkehøgskule
- Frist 18.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Økonomi- og administrasjonsleiar, Stord folkehøgskule
Stord Folkehøgskule søkjer ein dyktig og engasjert medarbeidar til ei variert og spanande stilling som Økonomi- og administrasjonsleiar. Du må vere villig til å arbeide i folkehøgskulen si ånd; vere fleksibel og løysingsorientert, og møte elevar og kollegaer på ein likeverdig måte. Me forventar at du har interesse for skulen sine fagområde og folkehøgskulen sin ideologi og verdisyn. Har du erfaring innan økonomi, administrasjon og service, og ønskjer å vere ein del av ein inkluderande skule som rustar unge menneske for livet? Då kan dette vere stillinga for deg!
Arbeidsoppgåver
Som Økonomi- og administrasjonsleiar vil du ha eit breitt spekter av oppgåver, mellom anna:
- Ansvar for økonomistyring, budsjettarbeid, rekneskapsføring, kontering og fakturering
- Økonomisk oppfølging, internt og mot rekneskapsførar
- Rapportering til relevante instansar
- Ansvar for resepsjon- og sentralbordteneste
- HMSK-dokument
- Turnus for driftspersonale
- Bidra til å vidareutvikle digitale system og effektivisere arbeidsprosessar
- Legge til rette for utleige, herunder sommardrift
- Opptak, oppfølging og registrering av søkjarar
- Service- og informasjonsarbeid retta mot elevar, tilsette og samarbeidspartnarar
- Stedfortreder rektor
- Oppdateringar heimeside og folkehøgskule.no
- Personaladministrasjon
- Referent/protokollførar i ulike møte
Kvalifikasjonar
Me ser etter ein kandidat som har:
- Høgare utdanning, fortrinnsvis mastergrad i økonomi og administrasjon
- Minimum 7 års yrkeserfaring innan økonomisk og administrativt arbeid
- Høg IKT-kompetanse
- Meget gode munnlege og skriftlege norskferdigheiter
- Kjennskap til gjeldande lover, forskrifter og retningsliner innan administrasjon og økonomi
Personlege eigenskapar
Me søkjer ein person som:
- Er serviceinnstilt, nøyaktig og har god oversikt
- Har godt humør og evne til å skape gode relasjonar
- Har evne til å ta initiativ, ansvar og arbeide sjølvstendig
- Er omstillingsdyktig og taklar periodar med høgt arbeidspress
- Har stor takhøgd og ei raus tilnærming til både kollegaer og elevar
Me tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Eit kreativt miljø som verdset initiativ og samarbeid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
Har du lyst til å bidra til vidare vekst og utvikling ved Stord Folkehøgskule? Send oss din søknad med CV og relevante vedlegg innan 18.10.2024
Tilsetjingsvilkår: For tilsetjing ved Stord Folkehøgskule krevst det politiattest av kandidatar som får tilbod om stilling.
Om arbeidsgiveren
Stord folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule på øya Stord, sentralt midt mellom Bergen og Stavanger.
Me tilbyr eit trygt og inkluderande skulemiljø med eit variert utval linjer og mange ulike valfag. Verdiane våre er Sosial, Trygg, Open, Raus og Deltakande. Skuleåret 2024-25 har skulen følgjande linjer: Esport, gaming og sosialt, Fjord, Fjell og Friskliv, Film og TV- Hollywood, Politi, vektar og beredskap- USA, Instarail- Foto, Natur og Opplevelser og Norwegian Language, Fjords, Food and Culture.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Osen 5, 5411 Stord
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Ledelse, Regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
økonomi, administrasjon, budsjett, regnskap, ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 373547964
- Sist endret