Spesialkonsulent
Vestland fylkeskommune
- Frist 17.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Kundebehandlar
Ønskjer du å bidra til å gje gode kundeopplevingar for dei kollektivreisande i Vestland? Er du glad i
kundekontakt og trivast i ein hektisk arbeidskvardag? Då kan dette vere jobben for deg! Vi har ledig ei deltidstilling som kundebehandlar og søkjer deg som har ei utprega serviceinnstilling og godekommunikasjonsevner.
Skyss kundeservice er kollektivtrafikken i Vestland sitt ansikt ut, og eit viktig kontaktpunkt for deikollektivreisande i fylket. Skyss er ei verksemd i stor endring og utvikling. Vi har eit krevjandesamfunnsoppdrag og det er eit stort behov for å levere relevant og god kundeservice.
Arbeidsoppgåver
Som vår kundebehandlar er du eit viktig kontaktpunkt for dei kollektivreisande i fylket, og eit av kollektivtrafikken i Vestland sine ansikt ut. Du er med på å gje kundane gode opplevingar og sikre god service i alle våre kanalar.
Du vil få ein arbeidskvardag med varierte arbeidsoppgåver:
- Ivareta kundeførespurnader, innspel og samtalar i eit høgt tempo
- Aktivt bidra til at kundar tar i bruk digitale kanalar
- Levere kvalitet i arbeidet, og ta ansvar for å bidra til eigne og faggruppa sine mål
- Gi kundane nødvendig informasjon om rutetider, reisealternativ, billettsystemet og eventuelle endringar i tenestetilbodet
- Bidra til digitalisering og kontinuerleg forbetring i kundeservice
Kvalifikasjonar
- Vi treng deg som har høgare utdanning på bachelornivå eller tilsvarande innan administrative fag.
- Særs gode kommunikasjonsevner i norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
- God kjennskap til IT verktøy som Microsoft office
Det er ønskjeleg, men ikkje eit krav at du har erfaring med liknande arbeid innan kundeservice
Personlege eigenskapar
- I høg grad serviceinnstilt og oppriktig glad i å hjelpe mennesker
- God til å utarbeide, oppsøkje og finne informasjon
- Aktiv bidragsytar, løysingsorientert og god til å ta initiativ
- Sjølvstendig, positiv og imøtekomande
- Ønskjer å bygge opp kollegane rundt deg, og skape eit best mogleg arbeidsmiljø
- Trivast i eit hektisk miljø, med stadige endringar
Vi tilbyr
- Ei fagleg utfordrande og spennanda stilling med stor samfunnspåverknad
- Eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer
- Moglegheit for å utvikle seg fagleg
- Lønn etter avtale
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
- Arbeidsstad sentralt i Bergen sentrum på Vestlandshuset og Bergen busstasjon
Andre opplysningar
- Kvalifiserte søkjarar utan bachelorgrad, men med høg relevant realkompetanse kan og bli vurderte. Då vil stillingstittel bli justert i samsvar med kvalifikasjonar
- Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
- Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25,2.ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort
- Du vil inngå i ein turnus med utgangspunkt i opningstida vår (mandag til fredag 07:00 til 19:00, lørdag 09:00 til 16:00, og søndag 10:00 til 16:00). Vi har søndagsope på helligdagar
Om arbeidsgiveren
Om Skyss
Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.
Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.
Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 4 milliardar kroner.
Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Brukerstøtte/support, Kundeservice
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
samferdsel, kundeservice, transport
Annonseinformasjon
- FINN-kode 373654062
- Sist endret