Politisk sekretær
Manpower
- Frist 18.10.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Er du samfunnsinteressert og har kjennskap til politiske prosessar i lokalsamfunnet?
Vaksdal kommune søkjer ein handlekraftig og samarbeidsorientert politisk sekretær i eit vikariat. Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer å arbeide tett på det politiske systemet i kommunen, og som har ei god forståing for rolla som støtteapparat for folkevalde og den politiske leiinga.
Vi ser etter deg med utdanning som statsvitar, jurist eller anna relevant bakgrunn. Denne rolla inneber å tilretteleggje og koordinere arbeidet for dei politiske styringsorgana og kommunen si politiske leiing. Stillinga rapporterer direkte til kommunedirektøren.
Arbeidsstad: Heradshuset på Dale
Stillingsprosent: Heiltid 100%
Oppstart: Avtalast med aktuelle kandidat
Varigheit: 1 år
Ditt ansvarsområde:
Som politisk sekretær får du ei viktig rolle i kommunestyret, formannskapet og andre politiske utval. Du vil jobbe tett med ordførar og kommunedirektør, og dine oppgåver vil mellom anna inkludere rådgjeving, opplæring og informasjon til dei folkevalde. Du vil òg ha systemansvar for digitale system og politikarverktøy. Andre oppgåver kan vere planlegging og gjennomføring av val og folkerøystingar, sikring av kvaliteten i politiske saker, prosedyrar og rutinar, samt å sørgje for god informasjon og kommunikasjon om politiske saker til både media og innbyggjarar. Saksbehandling, servicefunksjonar, arkiv og innsynsbehandling vil òg vere ein del av dine arbeidsoppgåver.
Din erfaring:
Vi ser etter ein person med relevant utdanning frå høgskule eller universitet og gjerne erfaring frå liknande arbeidsområde. God digital kompetanse, kjennskap til lover og forskrifter og evne til å uttrykkje deg godt både munnleg og skriftleg er viktig i rolla. Manglande utdanning kan kompenserast med relevant erfaring.
Kven er du?
Du vil trivast hos oss dersom du likar å arbeide sjølvstendig, trivst med høgt tempo, har stor arbeidskapasitet og kommuniserer og samarbeider godt med andre. Du har god forståing og teft for politisk styring og rollefordelinga mellom politikk og administrasjon.
Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagt. Arbeidet vil omfatte nært samarbeid med ordførar, kommunedirektør og folkevalde. Det må påreknast noko arbeid utover ordinær arbeidstid i samband med møte og liknande.
Om Vaksdal kommune:
Vaksdal kommune har om lag 4.000 innbyggjarar og ligg sentralt til mellom Voss og Bergen. Bergensbanen og E16 går i tunnel gjennom store delar av kommunen. Reisetid med tog frå Bergen er om lag 45 minutt, frå Voss om lag 35 minutt. Sentral plassering gjer at ein kan nyte godt av både by- og bygdekultur. Kommunen har eit rikt organisasjonsliv med musikk, idrett og lagsliv.
Stad: Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
Er du klar for å ta imot ei unik moglegheit og bidra med din kompetanse i Vaksdal kommune?
Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Om arbeidsgiveren
Manpower er Norges største og ledende bemanningsbyrå. Vi bemanner og rekrutterer til privat og offentlig sektor. Siden starten i 1965 har vi bistått med å få over en halv million mennesker i jobb, og hvert år er nærmere 20 000 dyktige mennesker i jobb gjennom oss, via rekruttering eller innleie. Solid erfaring, innovative og fleksible løsninger, samt DNV sertifiserte rådgivere gjør oss til den komplette leverandør for våre kunder.
Manpower er sertifisert som Revidert Arbeidsgiver og sertifisert i henhold til ISO 9001:2015. Det bekrefter at Manpower etterlever sentrale prinsipper i arbeidsmiljøloven og opptrer som en seriøs og profesjonell arbeidsgiver www.manpower.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5722 Dalekvam
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon, PR, informasjon og kommunikasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist, Kontor og administrasjon, Saksbehandler
Nøkkelord
Statsviter, Jurist, Poltikk, Sekretær, Offentlig
Annonseinformasjon
- FINN-kode 373683933
- Sist endret