Overlege i ortopedi
Helse Bergen
- Frist 20.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Overlege ortopedi
Voss sjukehus søkjer etter spesialist i ortopedisk kirurgi. Tilsetjing etter avtale.
Ortopedisk seksjon søkjer etter ein ny kollega. Vi har ledig stilling for spesialist i ortopedi. Her møter du eit ungt fastbuande overlegekollegium der mange har fått si spesialistutdanning i Helse Bergen.
Voss sjukehus, Ortopedisk seksjon har 5 fast tilsette ortopedar og 2 LIS 3. Ortopedisk seksjon behandlar både akutt og elektiv ortopedi. Av elektiv ortopedi vert det utført protesekirurgi i hofte og kne, artroskopi i skulder og kne, handkirurgi og fot- og ankel kirurgi. Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus.
Voss sjukehus har akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, indremedisin, føde, gynekologi og anestesi. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar,fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunarfrå Sogn og frå Hardanger.
Voss herad har rundt 15.800 innbyggjarar og staden har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetarfor born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet erviden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbaneligg berre nokre steinkast frå sjukehuset, og det er ein flott 9-hols golfbane her.Kulturlivet er rikt og variert, med Vossa Jazz og Osafestival. Det er eit godtutbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er godkommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.
Arbeidsoppgåver
- Elektiv og akutt ortopedi. Det er ein fordel med erfaring innan protesekirurgi i hofte og kne
- For tida 6-delt vakt
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege og spesialistgodkjenning innan ortopedisk kirurgi
- Du oppsøkjer og/eller har god og oppdatert prosedyrekunnskap, gjennomfører praktiske prosedyrar etter oppdaterte retningsliner med dei rette ressursane til rett tid
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå
Personlege eigenskapar
- Du har eit godt lag med folk, og får fram det beste i dei
- Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekomande og viser respekt
- Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- God fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort, tilbyr gjerne hjelp og deler raust med kompetansen din
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Vi kan hjelpe deg med å finne ein passande bustad
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 16, 5704 Voss
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Overlege
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
overlege ortopedi, overlege, voss, Voss sjukehus, ortopedi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 374210982
- Sist endret