
PP- rådgivar
Klepp kommune
- Frist 27.10.2024
- Ansettelsesform Fast
PP- rådgivar
PPT i Klepp kommune er ein spennande arbeidsplass som vil vere i utvikling og vekst framover i tråd barnehagelova, ny opplæringslov og barneverns-/oppvekstreform. PPT er heimla i barnehagelova § 33, og i opplæringslova § 11-13.
PPT held til i nye lokale på Horpestad frå 1.1.2025. Vi har eit fagleg positivt, støttande og kollegialt arbeidsmiljø. Eininga har ei god blanding av tilsette med spesialiserte utdanningar. Vi søker etter ein engasjert, kunnskapsrik og endringskompetent PP- rådgivar til å supplere laget vårt.
Vi har ledig: 100 % fast stilling som PP-rådgivar.
Stillinga er ledig frå 01.02.2025.
Søknadsfrist: 27.10.2025
Kontaktinformasjon: Grethe Barane, leiar Klepp PPT, telefon 916 88657
Arbeidsoppgåver
System- og individretta arbeid i samsvar med mål for tenestaSakkunnig arbeid etter barnehage og opplæringslova
Forebybyggjande og tverrfagleg samarbeid i Klepp kommune
Rettleiing og rådgjeving til barnehagar og skular
Observasjon, kartlegging og utgreiing av barn/elevar
Samarbeid med føresette, skular og hjelpeapparat
Kompetanse- og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar
Sikre elevens medverknad i saker PPT er involvert i
Samarbeide med og støtte skular i det førebyggjande arbeidet med å gi eit inkluderande opplæringstilbod til elevar som kan ha behov for tilrettelegging av opplæringa.
Kvalifikasjonar
Profesjonsstudiet/hovudfag/mastergrad i pedagogikk, logopedi, psykisk helse, spesialpedagogikk eller psykologiDet er ønskeleg med praksis frå arbeid med barn og unge med særlege behov i barnehage, grunnskule(gjerne ungdomstrinn), vaksenopplæring, PP-teneste eller tilsvarande instansar
Relevant test-, utgreiings- og rettleiings- og rådgivningskompetanse
God norsk språkføring, både munnleg og skriftleg
For søkarar med anna utdanning enn norsk, krevst det språkkunnskapar tilsvarande nivå B2
Personlege eigenskapar
At ein dekkjer sentrale oppgåver for PP-tenestaAt ein kan skape gode relasjonar til barn, føresette og fagpersonar
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og evne til fleksibilitet
Evne til å motivere og arbeide målretta, strukturert og effektivt
At ein må kunne arbeide i team, og samstundes vere sjølvstendig og målretta
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
Eit godt, trygt og sosialt arbeidsmiljø
Engasjerte kollegaer
Fleksibel arbeidstid og gode personalordningar
Samarbeid i team og tverrfaglege miljø
Deltaking på relevant kompetanseheving og personalsamlingar
Konkurransedyktig løn, pensjonsordning i KLP og tillegg for disponering av eigen bil i tenesta
Forsikringsordningar
PP-tenesta er i utvikling og endring, og vi vektlegg at søkar er fleksibel i forhold til endring av tenesta.
Søkjar må ha sertifikat klasse B og disponera eigen bil.
Kopi av attestar og vitnemål leggjast ved søknad.
Det må leggjast fram politiattest før oppstart i stilling
Om arbeidsgiveren
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700 tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Engelsvollvegen 264, 4353 Klepp stasjon
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Pedagog, PPT, Klepp
Annonseinformasjon
- FINN-kode 374232035
- Sist endret