Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
Helse Bergen
- Frist 22.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar
Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga.
Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane:
- Rehabiliteringsklinikken, Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering
- Kirurgisk klinikk, Gastrokirurgisk avdeling
- Medisinsk klinikk, Seksjon for blodsjukdommar
- Yrkesmedisinsk avdeling
- Nevroklinikken, Nevrokirurgisk avdeling
- Hjarteavdelinga, Thorax-kirurgisk sengepost
- Mottaksklinikken, Akuttmottak
- Hud og Revmatologisk sengepost
- Barne- og ungdomsklinikken, Medisin A, Medisin B, Medisin C
Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge.
Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.
Arbeidsoppgåver
Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) har ledig 100% fast stilling i 2-delt turnus.
ReHabiliteringsklinikken er ein av klinikkane i Helse Bergen, og held til på Nordås, i nærleiken til Lagunen Storsenter. Her utgreier og behandlar vi menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. Vi har to sengeposter med totalt 33 døgnplassar. Dei fleste pasientane blir overført til oss tidleg etter skade eller sjukdom, som ein del av akuttforløpet i Helse Bergen. Vi har regional funksjon for traumatisk hovudskade-rehabilitering og nasjonal funksjon for brannskaderehabilitering. Som sjukepleiar her får du arbeide helhetlig både med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering i ein tidleg fase. Kvardagen ved sengeposten er variert og innhaldsrik og ein arbeider tett med andre faggrupper. Vi ønsker medarbeidarar som trivast med å arbeide tverrfagleg, har gode samarbeidsevnar og kan arbeide målretta og strukturert. Du har god fagleg vurderingsevne, er løysingsorientert og meistrar høgt tempo. Vi tilbyr eit miljø der vi ser og oppmuntrar kvarandre. Sengepostane har eit triveleg, engasjert og aktivt miljø. Hos oss får du introduksjon og oppfølging av erfaren kollega og ein trinnvis oppbygging av kompetanse.
Kontakt: Post 1: Lisbeth Sparre Tlf. 55918484. Post 2: Anja Margrethe Jordal Tlf. 55918425.
Gastrokirurgisk avdeling har ledig 100% faste stillingar i 3-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Vi er ein spennandegastrokirurgisk sengepost med 18 senger. Vi behandlar både elektive og akuttepasientar med sjukdommar i heile mage- og tarmsystemet. Vi har også palliativepasientar. Her blir du god på pre- og postoperativ oppfølging av kirurgiske pasientar.Som sjukepleiar får du utført mange spennande prosedyrar, og blir god påteknisk sjukepleie. Svært lærerike postar med godt arbeidsmiljø og engasjertekollegaer. Vi har fokus på fagkunnskap, innovative løysingar ogforbetringsarbeid.
Kontakt: Post 1: May-Britt Sudmann, Tlf. 90784700 eller Anette Haatuft Haugland, Tlf. 55973408. Post 3: Marius AndreassenTlf. 55973508
Medisinsk klinikk, Seksjon for blodsjukdommar har ledig 100% faste stillingar i 3-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Seksjonen har ein fleirregional funksjon for allogen stamcelletransplantasjon og regional funksjon for autolog stamcelletransplantasjon. Hovuddiagnosar er leukemi-og myelomatose pasientar, samt andre hematologiske lidingar. Seksjonen skal utvide transplantasjonsverksemda og skal flytte til nye lokale i Marie Joys hus mars 2025 og treng treng fleire medarbeidarar. Vi er ein seksjon under utvikling med mange moglegheiter for nye utfordringar og spennande oppgåver. Vi søker fleire dedikerte og faglege dyktige sjukepleiarar til vår seksjon. Vi er ein tverrfagleg seksjon som jobbar med diagnostikk og behandling av blodsjukdommar. Vi ønsker deg som vil vere med på å gi våre pasientar den beste omsorgen. Arbeids
Kontakt: Ina Kobbeltvedt Endregaard, Tlf. 55973706/99498863 eller Mona-Helen Toftevåg, Tlf. 41761739
Kvalifikasjonar (overskrift)
Yrkesmedisinsk avdeling (YMA), seksjon for sjukepleie har ledig 100% fast stilling med dagarbeid kl. 07.30 - 16.30 og 08.00 - 15.30.
YMA har fire fagseksjonar og tilbyr rådgiving, kurs og pasientutgreiing innan arbeidsmedisin, allergiutgreiing, dykkemedisin og maritim medisin. Vi er ein høgspesialisert avdeling med interessante arbeidsoppgåver. Sjukepleiar ved avdelinga arbeider på tvers av fleire fagområde og arbeidet er svært variert og tverrfagleg. Sjukepleiarane har ansvar for planlegging og gjennomføring av behandling med allergenimmunterapi og har ansvar for å drifta og gjennomføre elektiv hyperbarmedisinsk oksygenbehandling i einmannstrykkammer.
I tillegg deltar sjukepleiarane i pasientutgreiing og utfører hudprikktest, intracutantest, epicutantest og ulike provokasjonar, lungefunksjonsundersøkingar, vibrasjon- og kuldeprovokasjonstestar. Søkar bør ha relevant sjukehuserfaring og erfaring med å handtere akutte situasjonar.
Kontakt: Grete K. Velure, Tlf. 55973901/ 99010454 eller Nina Særvold, Tlf. 55976111/40292360
Nevrokirurgisk avdeling har ledig 100% fast stilling i 3-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Vi har ansvar for diagnostisering og nevrokirurgisk behandling av skadar og sjukdommar i hjerne, nakke og rygg, både for vaksne og barn. Avdelinga har og landsfunksjon for stråleknivbehandling og behandling av vestibularisschwannom. Nevrokirurgisk avdeling har 16 senger på sengepost og 9 senger på vår overvakingseining (NOVA). Sjukepleiarar på avdelinga blir venta, etter opplæring, å kunne jobbe både på NOVA og ute i avdelinga i ei rotasjonsordning. Vi har eit spennande, utfordrande og triveleg arbeidsmiljø. Vi satsar på fagutvikling og har mellom anna innarbeid fagutviklingstimar i vår årsturnus. Vi legg stor vekt på kontinuitet i behandlinga av pasientane våre, og eit svært godt arbeidsmiljø for dei tilsette.
Vi søker sjukepleiarar som trivst med å jobbe i tredelt turnus i ei hektisk og pulserande avdeling, og som vil gi god fagleg sjukepleie til pasientar i alle aldrar.
Kontakt: Malene Alsaker, Tlf. 45458204
Hjarteavdelinga, Post 4 har ledig 100% fast stilling, pt tredelt turnus og kvar 3. helg.
Vi er ein thorax-kirurgisk sengepost, der pasientane kjem for planlagte inngrep eller øyeblikkeleg hjelp kirurgi. Vi utfører hjarte- og lungeoperasjonar, pectusplastikk og andre thoraxkirurgiske inngrep. Pasientar som skal til kateterbasert klaffebehandling (TAVI, TEER) blir også behandla her. I tillegg blir pasientar med skadar i brystveggen / thoraxtraume innlagt på posten. Det er 28 sengeplassar på Hjarte post 4, som har eit tverrfagleg team med legar, hjartekirurgar, sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, hjelpepleiarar, helsefagarbeidarar og fysioterapeutar. Det er eit aktivt fagleg miljø, med sjukepleiarar i spesialutdanning, sjukepleiarstudentar og helsefagarbeidarlærlingar.
Kontakt: Kari Henriksen, Tlf. 41208259
Mottaksklinikken, Akuttmottak har ledig 100% faste stillingar i 3-delt turnus og kvar 3. helg. Det er krav om minst 2 års relevant klinisk yrkeserfaring.
Vi tar imot alle typer pasientar som treng ØH-hjelp, frå enkle problemstillingar til alvorleg sjukdom og skade. I gjennomsnitt kjem det inn 100 pasientar i døgnet, kring 40.000 pasientar kvart år. Vi tar imot pasientar som treng behandling eller vurdering i spesialisthelsetenesta på grunn av sjukdom eller skade. Pasientane blir tilvist frå fastlege eller legevakt, eller kjem direkte med ambulanse eller luftambulanse.
Kontakt: Robert Nekkøy, Tlf. 55972526
Hud og revmatologisk sengepost har ledig vikariat i 100% stilling som sjukepleiar frå 01.11.2024 til 30.08.2026. Arbeidstida er 3-delt turnus, men hovudtyngda av vakter er pt på dag og aften. Det er gjennomsnittleg arbeid kvar 3 helg. Frå ny turnus 03.03.2025 kan det bli mogleg å arbeide gjennomsnittleg kvar 4 helg med langvakter på helg om ønskeleg. Hudavdelinga på Haukeland er den einaste sengeavdelinga for hudpasientar på Vestlandet. Revmatologisk avdeling har ansvar for behandling og oppfølging av pasientar med revmatiske sjukdommar i Hordaland. Vi tilbyr pleie, rehabilitering, førebygging og opplæring av pasientar og pårørande. Sengeposten har ansvar for behandling og oppfølging av pasientar både med hud og revmatologiske lidingar. Det er både elektiv verksemd og ØH-hjelp. Sengeposten har 15 sengeplassar i vekedagane, og 10 i helgane. Etter endt vikariat vil stillinga vere vidare 100% fast stilling ved Hud- og revmatologisk sengepost eller ved Bemanningssenteret i føretaket.
Kontakt: Nina Alsaker Bergsvik, Tlf. 55973944 eller Rasmus Sørland, Tlf. 55973999
Barne- og ungdomsklinikken (BUK) er landets nest største barneavdeling, regionsjukehus på Vestlandet og førande i behandling av barnesjukdommar. Vi skal dekke lokale, regionale og enkelte nasjonale behov for spesialisthelsetenesta for barn og unge inntil fylte 18 år, og er lokalisert i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus.
Medisin A har ledig fast stilling. Du vil jobbe i 3-delt turnus med arbeid kvar 3. helg. Dette er 80/20 stilling med 20% i Bemanningssenteret på BUK. Vi er ein døgnopen sengepost for barn og ungdom i alderen 0-18 år. Vi jobbar med utgreiing og behandling av barn med sjukdomstilstandar innan følgande fagfelt; endokrinologi og metabolisme, gastroenterologi og ernæring, nefrologi og reumatologi og nevrologi. Vi er ein av fem sengepostar på BUK, og vi har eit godt og nært samarbeid med Avansert heimesjukehus. Du vil jobbe i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Dette er ein 80/20 stilling med 20% i Bemanningssenteret på BUK.
Kontakt: Merethe Smørholm Ulveseth Tlf. 97522514
Medisin B har ledig fast stilling. Du vil jobbe i 3-delt turnus med arbeid kvar 3. helg. Dette er 80/20 stilling med 20% i Bemanningssenteret på BUK.er ein døgnopen sengepost for barn og ungdom i alderen 0-18 år. Vi jobbar med utgreiing og behandling av barn med kreft- og blodsjukdommar. Vi er ein av fem sengepostar på BUK, og vi har eit godt og nært samarbeid med Avansert heimesjukehus.
Kontakt: Ida Kari Ivarhus Tlf. 41701520
Medisin C har ledig fast stilling. Dette er ein 80/20 stilling med 20% i Bemanningssenteret på BUK. Du vil jobbe i 3-delt turnus med 16 helgar per år i kalenderplan.
Vi består av sengepost, barneovervakingseining, mottak og poliklinikk. På sengepost jobbar vi med utgreiing og behandling av barn med infeksjons-, lunge-, hjartesjukdommar og akuttmedisinske tilstandar. Avdelinga er ein døgnopen sengepost for barn og ungdom i alderen 0-18 år. Seksjon for infeksjon, lungesjukdommar og akuttmedisin er knytt til Medisin C. I tillegg er vi ein utgreiingspost, der pasientar som ikkje har ein kjend diagnose, ofte kjem til oss fram til diagnose er avklart og barn/ungdom blir overflytta til den seksjonen dei høyrer til.
Kontakt: Helga Christin Sivertsen Tlf. 41701499
Du må:
- Ha norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vil få dette ila desember 2024/januar 2025
- Ha erfaring frå helse- og omsorg (ønskeleg men ikkje eit krav)
- Ha gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg
- Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa
Vi tilbyr deg:
- Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 10
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykepleier, sjukepleiar, somatiske avdelinger, Haukeland universitetssykehus, sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 374519943
- Sist endret