Lege
Stord kommune
- Frist 3.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Fastlegeavtale
Det er ledig fastlegeheimel ved Leirvik legekontor
Stord kommune søker ein fastlege til ledig heimel ved Leirvik legekontor i kommune-senteret Leirvik. Leirvik legekontor er eit godt etablert kontor med erfarne og stabile kollegaer og med tre private heimlar.
Leirvik legekontor er lokalisert sentralt i Leirvik, og er ein veldriven 3-legars praksis. Det er same fastlege som har hatt ansvar for lista sidan oppretting av fastlegeordninga i 2001. I eit miljø med gode og erfarne kollegaer vil du oppleve ein meiningsfylt kvardag, fagleg utvikling og trivsel. Fastlegen går inn i eksisterande samarbeidsavtale mellom legane ved det aktuelle kontoret, men andre alternativ kan og vurderast.
Stord kommune tilbyr
- Å overta ein stabil fastlegeheimel
- Ved å overta heimelen kan du vera med å utvikla din eigen arbeidsplass saman med erfarne kollegaer som begge er spesialistar i allmennmedisin.
- Å få arbeide i eit velutstyrt og triveleg arbeidsfellesskap med godt kvalifiserte medarbeidarar
- Deltaking i vaktordning ved Sunnhordland interkommunale legevakt (SIL) kveld og helger (Sunnhordland interkommunale legevakt IKS - Stord kommune).
- Legevakta er eit samarbeid mellom tre kommunar (Bømlo, Stord, Fitjar) med i alt 31000 innbyggjarar.
- Legevakta er samlokalisert med interkommunal sengeavdeling (KAD) i nye moderne lokale vegg i vegg med Stord sjukehus og ambulanse.
- Eiga daglegevaktordning der vaktene rullerer mellom legesentera.
- Kommunen har innført tiltak for å stabilisera fastlegetenesta i form av etableringstilskot, kompensasjon for fråvær ved sjukt barn, kompensasjon for deltaking på kurs, og har ein intensjon om å innføra kommunalt basistilskot frå 2025.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege.
- Gjennomført LIS1 i Noreg.
- Refusjonsrett frå Helfo.
- Spesialist i allmennmedisin, under spesialisering eller vil begynne på denne.
- Gode samarbeidsevner.
- Godt norsk språk og god kulturforståing.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vilkår for fastlegeavtale elles går fram av gjeldande forskrift, retningsliner og tariffavtalar ASA 4310. Det må leggjast fram politiattest etter helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Vilkår ved arbeid på legevakt i tråd med tariff og gjeldande pensjonsavtale.
Kommunen er godkjend utdanningsverksemd for ALIS, og tilbyr rettleiing og supervisjon frå røynde legar til ALIS. Næringsdrivande ALIS-lege får dekka utgifter til vidare- og etterutdanning.
For ytterlegare opplysingar om stillinga:
Kommuneoverlege Petra Turet Olsen, tlf. 456 54 671, e-post: petra.turet.olsen@stord.kommune.no
Kommunalsjef Anne Karin Fossdal, tlf. 907 62 789, e-post: anne.karin.fossdal@stord.kommune.no
Leirvik legekontor Håvard Hakestad, tlf. 917 83 381, e-post: havard.hakestad@akersolutions.com .
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateken frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast.
Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Om arbeidsgiveren
Stord kommune er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland, og ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger. Stord er ein utviklingsorientert teknologikommune og er del av ei klynge innanfor maritim sektor som er verdsleiande når det gjeld å utvikle grøne, maritime løysingar. Kommunen har ambisjonar som ein attraktiv vekstkommune under visjonen «Saman om utvikling og velferd», og har mål om å bli nullutslepps-kommune innan 2030.
Stord har mange og varierte tilbod innanfor privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett, kultur og friluftsliv. Kommunen har i overkant 19.000 innbyggjarar.
Kommunen og regionen Sunnhordland har eit stort miljø innafor helse, med blant anna Stord sjukehus, som er lokalsjukehus for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland. Høgskulen på Vestlandet avdeling Stord tilbyr bachelorutdanning i sjukepleiarfaget og eit bredt spekter med vidareutdanningar. Kommunen har 5 privateigde legesenter med til saman 22 fastlegeheimlar. Det er eit godt samarbeid mellom faggruppene i helse og omsorgstenesta.
- Sektor: Privat
- Sted: 5401 Stord
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Allmennmedisin
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
lege, fastlege, allmennmedisin, helfo, norsk språk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 374529409
- Sist endret