Maskinsjef i sambandet Levanger-Hokstad, f.t. MF Harøy
Fjord1 AS
- Frist 16.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du bidra til elektrifiseringa av ferjenæringa?
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har ledige stillingar som maskinsjef i sambandet Levanger-Hokstad, f.t. MF Harøy.
Fjord1 overtar driften av sambandet Levanger-Hokstad fra 01.01.2025, og er i den forbindelse på søken etter fleire maskinsjefar.
Skiftordning: 5-skiftsløsning 12:12, 2 veker på og 3 veker fri.
Fjord1 disponerar leiligheit i nærleik til sambandet, som gjer overnattingsmoglegheit i arbeidsperioden.
Ta kontakt for meir informasjon dersom du er interessert!
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
- Teknisk leiar, og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
- Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
- Skal saman med skipsførar bidra til at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM-koden
- Sørge for opplæring av personell under si leiing
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemte og reservedelsoversikt
- Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
- Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
- Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
- Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
- Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
- Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonar
- Minimum M3 sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
- Godt humør
- Evne til å arbeide tett med mennesker over tid
- God til å kommunisere
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det norske Maskinistforbund
- Skiftordning: 5-skiftsløsning 12:12, 2 veker på og 3 veker fri
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar
Om arbeidsgiveren
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: 7600 Levanger
- Bransje: Maritim og offshore, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: HMS, Maskinist, Sikkerhet
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Maskinsjef, Ferge, Maskinoffiser, Sjøfart
Annonseinformasjon
- FINN-kode 374531166
- Sist endret