Assistent til faste helgestillingar Kompleks Rehabilitering Sandviken
Helse Bergen
- Frist 28.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Assistent til faste helgestillingar Kompleks Rehabilitering Sandviken
Seksjon KRS, ved Avdeling for spesialisert psykosebehandling, har for tida ledige faste helgestillingar, med arbeid p.t. kvar 3. helg.
Seksjon kompleks rehabilitering Sandviken (KRS) er ein lukka seksjon med 8 døgnplassar som gir eit tilbod til to ulike pasientgrupper. Seks av plassane er for personar med psykoseliding med kompliserande tilstandar som til dømes rus og personlegheitsforstyrringar, medan to plassar er for personar som har kombinasjon av psykose og psykisk utviklingshemming eller utviklingsforstyrring.
Arbeidet i seksjonen er tverrfagleg, der teamet inneheld mellom anna psykiater, psykolog, sosionom, sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar. Fokus er på å byggje relasjonar som støttar ei trygg overgang til bustad, i samarbeid med innsøkande instansar og kommunale tenester. Miljøterapien inkluderer systematisk kartlegging og utvikling av ADL-ferdigheiter (aktivitetar i dagleglivet), stimulering av interesser, og bruk av sanserom for kjensleregulering. Som ein del av behandlingstilbodet tilbyr vi også musikkterapi, som ein metode for å støtte pasientane i uttrykk for kjensler, fremje sjølvkjensle og bidra til meistring i kvardagen.
Seksjonen legg òg stor vekt på fysisk helse, med tilgang til treningsfasilitetar som gymsal, treningsrom og treningspoliklinikk. Dette gir eit heilskapleg rehabiliteringstilbod, der både psykisk og fysisk helse står sentralt i behandlinga.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapeutisk arbeid
- Observere og dokumentere
- Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte, struktur og gode grensar for kvar enkelt pasient
- Praktiske oppgåver
- Oppfølging av pasientar med fokus på aktivisering og daglege gjeremål
Kvalifikasjonar
- Relevant erfaring
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg godt
- Bør vere student innanfor helse -og sosialfaglig utdanning
Personlege eigenskapar
- Løysingsorientert, sjølvstendig og målretta
- Strukturert
- Pasientorientert
- Ha respekt for kvar enkelt pasient og pårørande
- Ha evne til å arbeide tverrfagleg og i team
- Trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Etterspør rettleiing
Vi tilbyr
- Å delta i eit spennande og fagleg miljø, der folk trivst på jobb
- Fadderordning
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Hatleveien 7D, 5038 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Assistent, helgestilling, Kompleks Rehabilitering Sandviken, helsepersonell
Annonseinformasjon
- FINN-kode 374570069
- Sist endret