Vi søker to nye ansatte!
Ørsta Camping AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye kollega?
Ørsta Camping lyser no ut to stillingar på 20%, der det er muligheit for meir. Desse stillingane blir i hovudsak fordelt på to arbeidshelgar i månaden, annakvar helg.
Det vi ser etter er personar over 20år som er:
- Arbeidslystne
- Ansvarlige
- Serviceinnstilte
- Godt humør
- Tilpasningsdyktige
- Sosiale
- Snakkar norsk og engelsk
- Hygieniske
Vi tilbyr varierande arbeid, godt arbeidsmiljø og konkurransedyktige betingelsar. Arbeidsoppgavene er mange og ulike og kan innehalde alt innen koking, tilbereding, servering, forskjellig innen turisme, booking og meir.
Vi er ein sosial gjeng som gledar seg til å ta imot to nye på teamet!
Er dette noko du kunne tenkje deg eller noko du vil høre meir om?
Kontakt oss via mail, telefon eller møt opp innen opningstidene våre.
Telefon: 70066477
E-mail: post@orstacamping.no, booking@orstacamping.no
Om arbeidsgiveren
Ørsta Camping vart starta av menneske som delte ein lidenskap for å reise og utforske. God service er kjernen i alt det vi driv med. Frå den augneblinken du kjem inn døra, så vil du føle den spesielle gjestfriheita på Ørsta Camping.
Campingplassen vart grunnlagt i 1960 av Otto O. Ose og sidan har den vore ei familiebedrift. Sonen Ole Martin Ose tok over i 1974 og i dag er det Ole Martin si dotter, Vivian Ose Flø, som har ansvaret for den daglege drifta. Sentralt i alle desse årene har det vore at ein skal føle seg som heime når ein vitjar campingplassen.
Dei siste åra har matserveringa hatt ein heilt sentral plass i hjartet til gjestane og dei som bur i regionen. Vi er opptekne av at du skal vere svært nøgd med servicen og kvaliteten som vi leverer til deg, anten du overnattar eller nyt eit måltid hjå oss.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Osholane 2, 6155 Ørsta
- Bransje: Annet, Restaurant, mat og uteliv
- Stillingsfunksjon: Mat og servering
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 374685245
- Sist endret