Psykologspesialist/psykolog
Helse Fonna HF
- Frist 24.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Psykologspesialist/psykolog
Er du psykologspesialist/psykolog og ønskjer ein spennande stilling innan behandling til pasientar med ulike psykiske lidingar og rusmiddelavhengighet? No kan du bli vår nye kollega i TSB poliklinikken.
Haugaland DPS er i ei spennande fase kor me skal endra og videreutvikla behandlingstilbodet vårt innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Målsetjinga er å gje eit meir heilskapleg og tilpassa helseteneste. Me er på jakt etter psykologspesialist/psykolog som vil få ei viktig rolle i vårt fagmiljø.
TSB poliklinikken har lokaler sentralt på Haugesund sjukehus og ved Haugaland DPS i Kopervik. Det er mogleg å velje kor ein ønskjer å ha sin hovudstasjon, men det må påreknast noko arbeid på tvers av lokasjonane, samt bistand i tverrfaglege drøftingar for LAR poliklinikken i Haugesund sentrum.
TSB poliklinikken er tverrfagleg samansett med overlegar, psykologspesialistar, sosionomar og spesialsjukepleiarar. Me tilbyr utgreiing og behandling for psykiske lidingar og rusmiddelavhengighet, og legemiddelassistert rusbehandling (LAR). Poliklninikken favnar dei som har passert 16 år.
Arbeidet inneber individuell utgreiing og behandling, målretta og langvarig samarbeid med kommunale instansar og andre deler av spesialisthelsetenesta. Dei siste åra har TSB poliklinikken prosjektetablert FACT behandling, og implementert fengselspoliklinikk.
For psykologar som nærmar seg enden av spesialisering:
Dersom du er nær ved å fullføra spesialisering kan me vurdere utviklande ansvarsområder med gode rammer for oppfølging og veiledning.
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål til stillinga. Intervju kan bli gjennomført forløpande i utlysningsperioden.
Velkommen som søkjar hjå oss!
Arbeidsoppgåver
- Ansvarleg for og deltar i utgreiing, diagnostisering og behandling ved poliklinikken
- Delta i tverrfaglig team
- Rettleiing og undervisning internt og retta mot våre samarbeidspartnarar
- Deltaking i ansvarsgrupper rundt pasientane
- Undervisning, rettleiing og konsultasjon ved behov overfor kollegaer, interne/eksterne samarbeidspartnarar
- Kontinuerleg fagleg oppdatering, inklusive nasjonale faglege retningsliner, retlleiarar mm.
- Dokumentasjon av behandlingsintervensjonar og samarbeid gjennom journalføring og rapportering.
Kvalifikasjonar
- Psykologspesialist/psykolog med norsk autorisasjon
- Erfaring innan rusmiddelavhengigheit er ønskjelig men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
- Evne til samarbeid
- Gode kommunikasjonsferdigheter
- Evne til å stå i krevjande situasjonar
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Strukturert
- Evne til å sette seg inn i og jobbe etter poliklinikkens rutinar og praksis
- Fleksibel
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Vi tilbyr
- Forhandling om løn
- Kurs, rettleiing og praksis knytt til spesialistutdanning
- Løn og spesialistpermisjon jfr avtale mellom NPF og Helse Fonna, HF
- Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
- Ein fleksibel arbeidsplass med fleksitid
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
psykolog;, psykologspesialist;, psykiatri;
Annonseinformasjon
- FINN-kode 374740134
- Sist endret