Service Coordinator Aftermarket
Ulstein Verft AS
- Frist 25.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Service Coordinator Aftermarket
Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team?
Ulstein Verft byggjer avanserte spesialfartøy og tilbyr eit breitt spekter av tenester innan nybygg og ettermarknad.Vi er inne i ei spennande periode med mange kontraktar både på nybygg ogettermarknadsoppdrag og skal no utvide teamet vårt med ein ny ressurs innanettermarknad.
Vi ser etter deg med interesse for maritim industri og skipsbygging. Du vil få interessante og utfordrande oppgåver i UlsteinVerft si ettermarknadsavdeling der vi samhandlar i grensesnitt mellom sal,innkjøp, teknisk, prosjekt- og linjeorganisasjon.
Arbeidsoppgåver
- Koordinere aktuelle ettermarknadsprosjekt i forhold til nybyggingsaktiviteten ved Ulstein Verft, for å utnytte kapasitet ved anlegget best mogeleg
- Koordinere eksterne og interne samarbeidspartnarar for prosjektgjennomføring både ved eige verft og på eksterne lokasjonar
- Følgje opp servicepartnarar og partnaravtalar
- Bidra i kalkulasjonsarbeid
- Ansvar for reservedelssal
Kvalifikasjonar og erfaring
Vi ønskjer å kome i kontakt med deg som har relevant utdanning og erfaring frå tilsvarandestillingar, gjerne innan vedlikehald og reservedelssal. Du bør ha kjennskap tilskipsreparasjon samt bygging eller drift av offshore-skip. God teknisk innsiktvil også vere ein fordel saman med gode forhandlingsevner.Kvifor velje oss som arbeidsplass
Ulstein Verft byr på ein variert og interessant jobb, gode kollega og moglegheit for personleg utvikling. Vi er ein trygg arbeidsplass med gode HMS verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar samt fleksitidsavtale for våre tilsette.
Det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunden med kvalitet, pålitelegheit og leveringspresisjon!
I hjartet av Sunnmøre
Ulsteinvik og kommunane rundt er ein flott stad i hjartet av Sunnmøre. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Vi er omkransa av fjell og turterreng, og det er kort veg til bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i SunnmørsalpaneOm arbeidsgiveren
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har omlag 400 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
- Sektor: Privat
- Sted: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
- Bransje: Industri og produksjon, Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Koordinering, Salg
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Ettermarked, Maritim industri, Skipsbygging, Koordinator, Service
Annonseinformasjon
- FINN-kode 374758000
- Sist endret