Politiadvokat / politiadvokat 2
Økokrim
- Frist 29.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Politiadvokat / politiadvokat 2
Vil du vera med å kjempa mot kriminelle nettverk?
Økokrim skal no rekruttera innanfor fleire stillingskategoriar. Kriminelle nettverk utnyttar systemiske sårbarheiter i samfunnet og er med på å trua tilliten som samfunnsaktørar har til kvarandre. Slik undergrev dei samfunnsstrukturane våre. Det er avgjerande at me tek økonomisk profitt ut av den organiserte kriminaliteten uavhengig av kva kriminalitet som blir begått. Me skal bidra i denne kampen saman med resten av politi-Noreg og andre samfunnsaktørar. Økokrim skal styrkja kapasiteten sin innanfor førebygging, etterretning, finansiell etterforsking, inndraging, rettsforfølging og bekjemping av kvitvasking. I tillegg skal me styrkja den teknologiske kapasiteten vår for å møta utviklinga der dei kriminelle nettverka raskt tek i bruk nyare og meir avansert teknologi.
Om stillinga
Som politiadvokat vil du inngå i juridisk avdeling og delta i tverrfaglege etterforskingsprosjekt med andre juristar og etterforskarar med politi-, økonomi-, miljø- og datafaglig bakgrunn.
Arbeidsoppgåver
- planleggja, organisera og leia etterforskingsprosjekt
- påtale straffesaker
- aktorere saker for tingrett og lagmannsrett
- drive opplæring internt og eksternt
- samarbeide med styresmakter i inn- og utland
- utføra andre relevante oppgåver
Kvalifikasjonar
Må-krav
- juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap
- særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- særs gode juridiske kunnskapar
Ønskelig
- normalt 5 års relevant yrkeserfaring
- erfaring frå straffesaksarbeid er ein fordel. Vi legg òg vekt på anna relevant arbeidserfaring og/eller annan relevant kompetanse
Søknader utan vitnemål vil ikkje bli behandla. Me ønskjer òg relevante arbeidsattestar .
Personlege eigenskapar
- høg integritet
- evne til å arbeida effektivt, gjennomføra planar og oppnå resultat
- initiativrik og selvgående
- evne til å samhandla godt internt og ekstern
- evne til å bidra til kompetansedeling
Personleg egnethet vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- deltaking i ei nasjonal og prioritert satsing initiert av regjeringa og Stortinget
- samarbeid med politi og andre etatar i inn- og utland
- godt arbeidsmiljø med tverrfagleg samarbeid
- utviklande og spennande arbeidsoppgåver
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- fleksibel arbeidstid
- trening i arbeidstida
- stillinga blir lønt som politiadvokat (stillingskode 1245) ltr. 71-79 (kr 708 00–845 900)/ politiadvokat 2 (stillingskode 1543), ltr. 79-83 (kr 845 900–942 700). Høgare løn kan vurderes ved særskild kompetanse/erfaring.
- I tillegg får politiadvokatar i Økokrim eit mellombels tillegg for unnatak frå arbeidsmiljølova (for tida kr 40 707 pr. år)
Det kan bli endringar i stillingsbetegnelser- og kodar når nytt gradssystem for Politiet blir vedteke.
Om arbeidsgiveren
Økokrim førebyggjer, etterretter, etterforskar og fører saker for retten innanfor økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet over heile landet. Økokrim er lokalisert i Oslo og har i tillegg ei bedragerieining på Gjøvik. Les meir om oss på www.okokrim.no.
Økokrim følgjer personalpolitikken til staten om å styrkja likestilling, inkludering og mangfald. Den seier at dersom vi har kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, så skal vi kalla inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kryss derfor av om dette i rekrutteringsportalen. Sjå https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
For tilsetjing i politiet krevjast plettfri vandel og du må derfor innhenta uttømmande og utvida politiattest, jf. politilova § 18 og politiregisterlova § 41
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: C. J. Hambros plass 2C, 0165 Oslo
- Bransje: Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Jurist, Politiadvokat
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
planlegge straffesaker, påtale, kriminelle nettverk, aktorere, økonomisk kriminalitet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 374789773
- Sist endret