Politiadvokat 2
Vest politidistrikt
- Frist 27.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Politiadvokat 2
I Vest politidistrikt er det ledig ei fast stilling som politiadvokat 2 med utvida påtalekompetanse, SKO 1543, for tida plassert ved Felles eining for påtale, Seksjon Hordaland. Arbeidsstad for stillingane er Bergen.
Arbeidsoppgåvene er påtalearbeid med dei sakene som tilhøyrer seksjonen. I tillegg til aktorering i Hordaland tingrett og Gulating lagmannsrett i Bergen, vil det også vera noko aktorering i Hardanger og Voss.
Arbeidsoppgåver
- Setja i verk etterforsking og leia etterforskinga til polititenestemennene, inkludert bruk av tvangsmiddel
- Sikre etterforsking i tråd med regelverk og standardar innanfor eigen saksportefølje
- Foreta løpande påtalevurderingar og -avgjerder, inkludert belutte og begkære avgjerda til retten om bruk av tvangsmiddel
- Foreta nødvenige innstillingar til overordna påtalemakt
- Utføre aktorat i samsvar med straffeprosess§ 76 i lova for tingrett og lagmannsrett
- Gi fagleg støtte og veglegning til politifaglege etterforskingsleiarar, etterforskarar, ordeinstyrken og operasjonssentral om saksbehandlinga
- Utarbeide etterforskingsplan der dette er pålagt eller formålstenleg
- Utøve legalitetskontroll, under dette sikre rettstryggleik og objektivitet på alle trinn i saksbehandlinga
- Orientere og varsla høgare påtalemakt i samsvar med gitte direktiv
- Sikre bistand frå, og utarbeid mandat for sakkunnige
- Lede tilrettelagde avhøyr ved behov
- Gjennomføre kvalitetssikring eller bidra til evaluering dersom saka er gjenstand for dette
- Følge saka til endeleg avgjerd og eventuell straffegjennomføring er sett i verk
- Jour-teneste kan bli pålagt
- Ansvar for etterforskingsleiing og å påtale-avgjøre straffesaker av større og kompleks karakter ved seksjonen.
- Ansvar for dei prioriterte saksområda til politiet
Kvalifikasjonar
Nødvendige:
- Juridisk embetseksamen/Master i rettsvitenskap
- Minst 5 år arbeidserfaring med leiing av straffesaker, eller 3 år påtaleerfaring kombinert med inntil 3 års anna relevant erfaring
- Unntak til kravet om arbeidserfaring kan bli vurdert for særskilt sterkt kvalifiserte søkjarar
- God munnleg og skriftleg framstilling på begge målformer
- Evne å ta i bruk digitale løysingar for effektivt å løyse arbeidsoppgåvene
Du må ha plettfri vandel og være skikket for tjeneste i politiet og politiattest (uttømmende og utvidet) må innhentes ved ev. ansettelse jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Ønskelege:
- Brei erfaring frå arbeid med straffesaker vektlegges
- Erfaring frå domstol, som forsvarer eller frå relevante forvaltningsorgan vektlegges
- Tilleggsutdanning eller relevante kurs er ein fordel
- God innsikt i politiet sine oppgåver og organisasjon er ein fordel
- God munnleg og skriftleg framstilling på engelsk er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Vere sjølvstendig med evne til å treffe avgjerder i hektiske og pressa situasjonar
- Vere ansvarsbevisst og strukturert
- Evne til å arbeide effektivt og vere mål- og resultatorientert
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og kunne bidra til eit godt arbeidsmilj
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida.
- Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Stilling som politiadvokat 2 (stillingskode 1543), vert for tida lønna frå lønnstrinn 78/ kr 821 100. Vidare lønnsutvikling vil skje gjennom lokale lønnsforhandlingar, jfr. hovudtariffavtalane i staten.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling .
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Ref.nr.: 24/228435
Om arbeidsgiveren
Vest politidistrikt
dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 600 600 innbyggjarar.
Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord,
Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag
1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren
har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
- Bransje: Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Politiadvokat
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Politiadvokat, Påtale
Annonseinformasjon
- FINN-kode 374873086
- Sist endret