Politiadvokat 2, politiadvokat evt. politifullmektig
Vest politidistrikt
- Frist 27.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Politiadvokat 2/ Politiadvokat / Politifullmektig
I Vest politidistrikt er det ledig ein eller fleire faste stillingar som politiadvokat 2 (SKO 1543), og/eller som politiadvokat (SKO 1245) eller politifullmektig (SKO 0288).
Ein av stillingane skal styrke innsatsen til politidistriktet mot vald og mishandling i nære relasjonar og ha et særleg ansvar for koordinering og oppfølging av bruken av omvend valdsalarm.
Politiet har dei siste åra vore kåra til den mest attraktive arbeidsplassen for juristar i Noreg. Spanande oppgåver og meiningsfullt arbeid er ofte trekt fram som grunngjeving. Hos oss får du være del av eit godt fagmiljø med høve til å spesialisere deg innan fagfeltet strafferett og straffeprosess. Du vil få ansvar for di eiga portefølje, og forvalte eit viktig samfunnsoppdrag saman med dyktige og engasjerte kollegaer. Arbeidet i politiet er variert. Du vil mellom anna få erfaring med prosedyre for domstolane gjennom aktorering av straffesaker. Som påtalejurist har du ansvar for leiing av etterforskinga i ulike type straffesaker og samarbeider tett med andre i etterforskingsleiinga for å oppklare og førebygge kriminalitet.
Arbeidsoppgaver
- Påtalemessig leiing av etterforsking. Dette inneber å kvalitetssikre etterforsking i enkeltsaker, sikre at etterforskinga har ein plan og eit klart føremål, og at den har naudsynt framdrift
- Sikre at krava til rettstryggleik og objektivitet blir ivareteke på alle trinn i sakshandsaminga, at handsaming av den enkelte sak skjer i tråd med gjeldande regelverk, direktiv frå overorda påtalemakt og interne etiske retningslinjer
- Ansvar for påtalevurderingar og påtaleavgjerder i eigen saksportefølje, mellom anna vurdere og beslutte bruk av tvangsmidler
- Gjennomføre aktorat for tingrett og lagmannsrett
- Gje fagleg støtte og rettleiing til politifagleg etterforskingsleiar, etterforskarar, ordensstyrke og operasjonssentral
- Arbeide systematisk med evaluering og kvalitetsforbetring for å lære av og korrigere eventuelle feil både i etterforskning- og påtalefase
- Følgje saka til den er endeleg avgjort og eventuell straffegjennomføring er sett i verk
- Jourtjeneste kan bli pålagt
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjoner
Nødvendige:
- Juridisk embetseksamen/Master i rettsvitenskap
- Minst 5 år arbeidserfaring med leiing av straffesaker, eller samlet 6 års relevant arbeidserfaring der
påtaleerfaring utgjør minst 3 år. Unntak til kravet om arbeidserfaring kan bli vurdert for særskilt sterkt kvalifiserte søkjarar. - For stilling som politiadvokat er det krav om minst 1 års påtaleerfaring eller minst 2 års relevant erfaring.
- God munnleg og skriftleg framstilling på begge målformer
- Holde høg kvalitet på juridisk arbeid
- Evne å ta i bruk digitale løysingar for effektivt å løyse arbeidsoppgåvene
Du må ha plettfri vandel og være skikket for tjeneste i politiet og politiattest (uttømmende og utvidet) må innhentes ved ev. ansettelse jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Ønskelege:
- Erfaring fra arbeid med større og kompliserte straffesaker er ein fordel
- God innsikt i politiet sine oppgåver og organisasjon er ein fordel
- For stillinga knytta til koordinering og oppfølging av bruken av omvendt voldsalarm er kunnskap om saksområdet ein fordel
Personlige egenskaper
- Vere sjølvstendig med evne til å treffe avgjerder i hektiske og pressa situasjonar
- Vere ansvarsbevisst og strukturert
- Evne til å arbeide effektivt og vere mål- og resultatorientert
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø
Som medarbeider i politiet har du høy etisk bevissthet, du kjennetegnes av å være modig og helhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese mer om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida.
- Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Stilling som politiadvokat 2 (stillingskode 1543), vert for tida lønna frå lønnstrinn 78/ kr 821 100
- Stilling som politiadvokat (stillingskode 1245) vert lønna frå lønnstrinn 65/ kr 635 400
- Stilling som politifullmektig (stillingskode 0288) vert lønna frå lønnstrinn 58/ kr 565 900
- Vidare lønnsutvikling vil skje gjennom lokale lønnsforhandlingar, jfr. hovudtariffavtalane i staten. For særskilt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling .
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Ref.nr.: 24/146510
Om arbeidsgiveren
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 593 450 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag 1300 tilsette. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
- Bransje: Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Politiadvokat
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Politiadvokat, Politifullmektig, Påtale
Annonseinformasjon
- FINN-kode 374875872
- Sist endret