Miljøterapeut vaken natt
Bufetat
- Frist 27.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Miljøterapeut vaken natt
Ved Stavanger ungdomssenter, avd. Våland, søkjar vi etter engasjert miljøterapeut på natt i turnus. Vi har for tida ledig fast stilling som vaken nattevakt 72%, med arbeid i turnus jobbar ein kvar 4. helg
Målgruppa vår er omsorgsplasseringar etter barnevernslova §§ 5-1, 3-2. Ungdommane er i alder frå 13 - 18 år.
Vi har ei personalgruppe som er spredt i alder og kjønn, og samansett med omsyn til fagleg kompetanse og bakgrunn. For meir informasjon om avdelinga, gå til vår heimeside: https://www.bufdir.no/barnevern/finn-institusjon/stavanger-ungdomssenter-valand
Stavanger ungdomssenter femnar om avdelingane Lindøy og Våland. Begge avdelingane har 4 plassar kvar.
Arbeidsoppgåver
- Målstyrt miljøterapi med fokus på traumesensitiv tilnærming.
- Ivaretaking av ungdomane med god omsorg på natta gjennom å vere ein trygg, tydeleg og føreseieleg vaksen.
- Reinhald og matlaging.
- Delta på ulike interne møter som overlapping mellom vaktlaga, personalmøter og ungdomsmøter.
- Skriftleg dokumentasjonsarbeid og rapportskriving i Birk.
- Kontakt med ulike samarbeidspartar, som kommunal barnevernteneste, føresette, sosialt nettverk, helseinstansar m.fl.
Kvalifikasjonar
- Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, fortrinnsvis med 60 stp relevant vidareutdanning, kan også vurderast.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar på norsk.
- God kjennskap i bruk av IT-verktøy.
- Sertifikat kl. B
Det er ønskeleg med erfaring og kjennskap frå:
- Miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon.
- Kjennskap til barns rettigheiter i institusjon, jfr. barnevernslova.
- Traumebevisst omsorg.
- Kartleggingsverktøy som Aseba og Motiverande intervju.
- Tryggleik og sikkerheit.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Har gode evner til å byggja relasjonar.
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevnar.
- Er løysningsfokusert, fleksibel og i stand til å handtere uforutsette hendingar på ein forsvarleg måte.
- Er trygg, tydeleg og tillitsvekkjande vaksen som kan romme ungdomane og deira behov.
- Har evne til å oppretthalde god struktur, eit fagleg perspektiv og samarbeida i team.
- Har tru på at medverknad og samarbeid med familie, nettverk og andre samarbeidspartar er ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet.
- Har forståing for og er lojal mot fagleg standard som eininga nyttar.
- Er punktleg, og har evne til å arbeide strukturert og metodisk.
- Har god fysisk og psykisk helse.
Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagde.
Vi tilbyr
- Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 466 600 - 594 500 pr. år (ltr. 45-61).
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar eller 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 524 700 - 624 500 pr. år (ltr. 53-64), 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 532 200 - 624 500 pr. år (ltr. 54-64).
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, med moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Sosiale tiltak saman med gode kollegaer.
- Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
- Sosiale tiltak saman med gode kollegaer.
- Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gje barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.
Opplysningar til deg som søkjar:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Stavanger ungdomssenter avdeling Våland.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggast opp elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rogalandsgata 18, 4011 Stavanger
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Barnevern, Turnus, Institusjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 374916393
- Sist endret