Spesialkonsulent
Ulvik herad
- Frist 3.11.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Ledig vikariat spesialkonsulent 40 % stilling, 15.10.24 – 30.03.25
Det er ledig eit vikariat i 40 % stilling som spesialkonsulent ved Stab, 15.10.24 – 30.03.24, med mogleg forlenging. Stillinga inngår i kommunedirektørens stab.
Me ynskjer snarleg tilsetjing, og gjer løpande vurdering av søkjarar.
Søknadsfrist: Søndag 3. november
Arbeidsoppgåver
- Helse, miljø og tryggleik (HMT)
- Internkontroll (IK)
- Utarbeiding av planar innan administrative fagfelt
- Digitalisering
- Andre opgåver innan administrasjon
Kvalifikasjonskrav, søkjar må ha:
- Relevant høgskuleutdanning, minimum 3-årig høgskuleutdanning
- Erfaring frå liknande arbeidsoppgåver
- Erfaring med digitaliseringsarbeid, gode IT- og systemkunnskaper
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Gode nynorsk-kunnskaper
Det er ynskjeleg at søkjar er serviceminded, positiv og initiativrik.
Me tilbyr
- Interessante arbeidsoppgåver innan HMS, internkontroll, system, utvikling og digitalisering
- Spanande faglege utfordringar
Kontorstad er Sentrumsbygget, administrasjonsbygget til Ulvik herad.
Skriv i søknaden kva som er aktuelle arbeidsdagar og mogleg oppstartsdato. Snarleg oppstart vert vektlagt i vurderinga.
For spørsmål kring denne stillinga, ta kontakt med Stabssjef Anette T. Hjeltnes,
mobil: 40007118 eller epost: anette.t.hjeltnes@ulvik.kommune.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5730 Ulvik
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: HMS, Konsulent, Kontor og administrasjon
Nøkkelord
internkontroll, administrasjon, HMS, Digitalisering, Planarbeid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 375480646
- Sist endret