Prosjektleiar Midt
Statens vegvesen
- Frist 03.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Prosjektleiar MIDT til Fellesprosjektet Arna-Stanghelle
Om stillinga
Er du klar for ein leiarstilling i Norges største tunnelprosjekt? Ønskjer du spanande utfordringar i eit megaprosjekt der du jobbar med veg og bane og for to av Noregs største byggherreorganisasjonar? Dette er ein av fire sentrale leiarstillingar i Fellesprosjektet Arna-Stanghelle (FAS) som no er lyst ut. To er lyst ut i Statens vegvesen og to i Bane NOR.
Som Prosjektleiar MIDT vert du tilsett i Statens vegvesen. Du får resultatansvar for ei portefølje av svært store entreprisar i FAS, saman med økonomisk anvisningsmynde og personal- og oppgåveleieransvar.
FAS er Noregs største tunnelprosjekt og eit samarbeidsprosjekt mellom Statens vegvesen og Bane NOR. Det skal byggast nesten 80 km tunnel som eit tunnelsystem for veg og bane. Prosjektet omfattar to nye jernbanestasjonar og nye kryssløysingar for veg i dagsonene. Byggestart er planlagt i 2025 og prosjektet vil bli gjennomført med felles organisering, prosjektering og bygging av Statens vegvesen og Bane NOR.
Flere av prosjektlederstillingene lyst ut i Fellesprosjektet Arna-Stanghelle tilsvarer denne stillingen. Er det aktuelt for deg å søke på disse også? Se her:
Prosjektleiar VEST til Fellesprosjektet Arna-Stanghelle | FINN.no (https://www.finn.no/job/management/ad.html?finnkode=375488091)
Prosjektleiar TEKNISK til Fellesprosjektet Arna-Stanghelle | FINN.no (https://www.finn.no/job/management/ad.html?finnkode=375512164)
Prosjektleiar AUST til Fellesprosjektet Arna-Stanghelle | FINN.no (https://www.finn.no/job/management/ad.html?finnkode=375512157)
Du finn meir informasjon om prosjektet her: Fellesprosjektet Arna - Stanghelle (https://www.vegvesen.no/vegprosjekter/europaveg/e16banearnastanghelle/)
Har du erfaring med tunnel og samferdsleprosjekt? Kva synes du om å ta ansvar for ulike entrepriseformar?
Prosjektleiar MIDT sin portefølje inneberer resultatansvar for både tunnel- og dagsoneentreprisar, og både forberedande entreprisar og hovudentreprisar. Med eit unntak er alle utføringsentreprisar. Resultatansvaret inneberer oppfølging av både tunneldriving, konstruksjonsarbeider og grunnarbeid. Du skal sørge for at din portefølje kan gjennomførast i tråd med prosjektmåla for sikkerheit, økonomi, framdrift, klima og miljø, og til rett kvalitet. Dette krev at du er metodisk og systematisk i tilnærminga, planleggjar framover, gjer prioriteringar og fordelar ressursar effektivt. Du er oppteken av forbetringar, er lærevillig, nysgjerrig og løysningorientert.
Er du skikkeleg god til å samarbeide?
Leiaransvaret vil vere stort og omfatte tilsette frå begge organisasjonar. Du blir ein viktig bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø internt og gode relasjonar eksternt. Du må ha forståing for utfordringane knytta til å vidareutvikle felles arbeidskultur for tilsette frå to byggherreorganisasjonar, noko som vil utfordre dine kommunikasjonsevner. Dedikerte kollegaer krev at du har fokus på erfaringsoverføring og kompetanseutnytting. Tett samarbeid og koordinering på tvers i prosjektet er avgjerande for måloppnåing, og du må evne både å gi og ta i leiargruppa. Vi ser etter deg som vil jobbe aktivt med teamutvikling og med det å vere ein god representant for både Bane NOR og Statens vegvesen.
Du kjenner deg igjen i fleire av desse punkta:
- Minimum 3-årig relevant utdanning frå universitet eller høgskule innan relevante fagområde. Ved lang og relevant erfaring kan vi fråvike utdanningskrav i særskilde tilfelle.
- Solid erfaring frå tilsvarande leiingsfunksjonar, fleirfagleg koordinering og gjennomføring av store samferdsleprosjekt.
- God forståing for byggherrerolla, ulike kontraktstandardar og offentlege anskaffelsar.
- Har allsidig kunnskap innan fagområda og er medvite eigne faglege avgrensingar.
- Kjennskap til relevante krav, under dette lovverk og standardar.
- Erfaring i bygging av tverrfaglege team.
- God kunnskap innan bruk av digitale verktøy.
- Erfaring med verktøy for prosjektstyring og samhandling.
- Svært god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk og god på engelsk.
- Tverrfagleg forståing og erfaring med god grensesnittshandtering.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i dette prosjektet blir du ein del av både Statens vegvesen og Bane NOR. Prosjektet vil pågå i 12-14 år frå byggestart og her er ein unik moglegheit til å jobbe for to av Norges største byggherrar samtidig. Her vil du påverke samfunnsutviklinga knytta til eit svært etterlengta samferdsleprosjekt, der me skal prosjektere og bygge både ny veg og bane i eit skredfarleg område.
Som tilsett i Statens vegvesen vil du bli teke godt i mot, og du blir ein del av eit fellesskap.
Vi tilbyr:
- En viktig posisjon i eit av Norges største samferdselsprosjekt. En utfordrande og ansvarsfull rolle i et svært spennande arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer.
- Ansvar og fagleg oppfølging hos to av Noregs største byggherrar samtidig.
- Arbeidsstad er anleggskontor i Arna, men i Bergen sentrum frem til dette er etablert. Heimekontor etter nærmare avtale.
- Fleksitid og gode ordningar for avspasering
- God pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- Moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- Gode moglegheiter for fagleg påfyll
Vi ser fram til å lese din søknad!
Krav til søknaden
Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Har du spørsmål om stillinga?
Rekrutterande leiar: Katrine Sælensminde Erstad
✆ (+47) 41 68 09 12 | ✉ katers@vegvesen.no
Assisterande rekrutterande leiar: Anne Katrine Laskemoen Herdlevær
✆ (+47) 92 64 74 55 | ✉ lasann@banenor.no
Om arbeidsgiveren
Statens vegvesen vil leie an i utviklinga av eit effektivt, sikkert og heilskapleg transportsystem tilpassa morgondagen sine behov og teknologi. Vi bygger, driftar og vedlikeheld riksvegane, og vi tek vare på heilskapen gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydeleg regelverk og standardar for alle.
Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utviklinga av digitale tenester sikrar vi trafikantane smarte, trygge og miljøriktige transportval.
Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Bygg og anlegg, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Ledelse, Prosjektledelse
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 375487511
- Sist endret