Psykologspesialist
Helse Fonna HF
- Frist 30.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Psykologspesialist
Vi søkjer psykologspesialist til habiliteringstjenesta for vaksne. Avdelinga er ein del av Medisinsk klinikk og omfattar habiliteringstenester for vaksne, barn og unge, samt Lærings- og meistringssenteret. Den består av omtrent 25 årsverk.
Habiliteringstenesta for vaksne har åtte fagstillingar og er samansett av eit tverrfagleg team, inkludert nevrologar, vernepleiarar, fysioterapeutar og ergoterapeutar. Arbeidsforma er både poliklinisk og ambulant. Målgruppa er menneske med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetjing og/eller utviklingshemming/utviklingsforstyrring. Utfordringane er ofte komplekse og krev eit nært samarbeid internt i spesialisthelsetenesta, på tvers av fagområde og team i avdelinga, og dessutan mellom første- og andrelinjetenesta.
Habiliteringstenesta for vaksne held til i Haugesund, med kort avstand til flyplassen. Den vakre Hardanger-regionen ligg 2 timar unna med bil, Stavanger omtrent 1,5 timar unna, og Bergen omtrent 2,5 timar unna.
Arbeidsoppgåver
- Utredning og diagnostisering
- Kompetanseoverføring til 1. linjetenesta
- Oppfølging pasient etter utredning
- Rettleiing instanser
- Vurdere henvsininger
- Kan omfatte undervisning og prosjekt/utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis psykologspesialist innen habilitering og/eller nevropsykologi. Psykolog kan også søkje.
- Relevant klinisk erfaring og interesse innenfor habiliteringsfeltet
- Norsk autorisasjon
- Må ha gode IKT-kunnskaper
- Må beherske godt norsk både muntlig og skriftlig
- Gode språkkunnskaper er helt avgjørende for forsvarlig pasientbehandling. Ikke-nordiske statsborgere må minimum ha bestått Bergenstesten eller annen norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må legges ved søknad (gjeld bare for helsepersonell)
- Ved tilbud om stilling må du legge fram tilfredsstillende politiattest (vandelsattest), jf. Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma)
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- har motivasjon og interesse for fagfeltet
- evner å tilpasse og formidle kompleks informasjon til pasientar, pårørande og andre samarbeidspartnere
- har god faglig vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- bidreg positivt til eit faglig og kollegialt godt miljø.
- trivst med å arbeide i eit tverrfaglig miljø og meistrar høgt tempo
- held deg rolig, objektiv og kontrollert i stressande situasjoner, og arbeider stabilt under press
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ein spennande og utfordrande jobb i et aktivt tverrfagleg miljø, der fagleg utvikling og trivsel står i fokus. Den som blir ansatt vil også sjølv kunne medvirke til utvikling av stillinga.
- Et godt fagmiljø som blant anna består av til saman fire psykologspesialister. Vi trur at vårt fagmiljø vil opplevast inspirerande for den som blir tilsett.
- Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen.
- Fleksitidsordning.
- Søkjar må ha sertifikat for personbil (helseforetaket har eigne bilar til ambulant virksomhet).
- Gode pensjons- og forsikringsordninger
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Longhammarvegen 36, 5536 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
psykologspesialist, habilitering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 375975373
- Sist endret