Rådgjevar / seniorrådgjevar
Bufetat
- Frist 24.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar / seniorrådgjevar
Ved Fosterheimstenesten i Bufetat, region vest, avdeling Førde, er det ledig ei fast 100 % stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar. Avdeling Førde er del av ei regional eining, saman med Stavanger, Bergen og Haugesund, med til saman ca 61 årsverk.
Hos oss vil du vere del av eit spennande fagmiljø med eit stort og engasjerande samfunnsoppdrag. Fosterheimsområdet er i utvikling, og vi i fosterheimtenesta søker derfor ei utadvent, entusiastisk og kreativ kollega, med vilje til å stå på saman med oss.
Vi held til i Storehagen 1B i Førde, og pr i dag er vi 5 tilsette i avdelinga.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er mellom anna:
- Formidling av fosterheim i nært samarbeid med kommunal barnevernteneste, barn og unge, og familiane deira.
- Utadretta verksemd, herunder rekrutteringsaktivitetar for å fremme at fleire familiar blir fosterheimar.
- Kurs og opplæring av fosterheimar.
- Dokumentasjonsarbeid.
- Delta i avdelingens og einingens forbetrings- og utviklingsarbeid
- Oppgåvene inneber noko uregelvise arbeidstider.
Kvalifikasjonar
- Du må ha relevant høgskule- eller universitetsutdanning (minimum 180 studiepoeng), fortrinnsvis som barnevernspedagog eller sosionom.
- Relevant vidareutdanning er ynskjeleg.
- For seniorrådgjevar vert det kravd fullført relevant høgskule- eller universitetsutdanning (minimum 180 studiepoeng), fortrinnsvis med mastergrad.
- Det vert kravd relevant erfaring frå barnevern, og gjerne fra fosterheimsarbeid.
- Du må ha god forvaltningskompetanse, gode digitale ferdigheitar og forståing.
- Førerkort, klasse B.
- Gode norsk kunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- er positiv, kreativ, fleksibel og løysingsorientert
- kan ta ansvar, jobbe sjølvstendig og systematisk
- har gode evner til samarbeid, og formidling
- er oppteken av god dokumentasjon
- er oppteken av å lære og bidra til utvikling av tenestene våre
For oss er det også svært viktig korleis du som person passar til jobben. I den totale vurderinga vil dei personlege eigenskapane bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1434 rådgjevar, p.t. kr 565 900 - 667 700 667 700 pr. år (ltr. 58-68).
- Stillingskode 1364 seniorrådgjevar, p.t. kr 604 900 - 692 400 pr. år (ltr. 62-70).
- Stillingskode og løn vert vurdert etter utdanning og erfaring. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
I tillegg kan vi tilby eit engasjert og spennande fagmiljø med fokus på fagutvikling, og samarbeid med gode og erfarne kollegaer.
Opplysningar til deg som søker:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkjerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Fosterheimstenesta, Førde.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, eller Familievernkontorlova § 2 a, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Sted: Storehagen 1B, 6800 Førde
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk, Norsk
Nøkkelord
Rådgjevar, Seniorrådgjevar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 376120323
- Sist endret