Kommunelege
Stord kommune
- Frist 10.11.2024
- Ansettelsesform Fast
ID 2253 Kommuneoverlege
ID 2253 Kommuneoverlege
Er du oppteken av gode helsetenester og vil vera med å forma samfunnsutviklinga i Stord kommune?
Kommunen er ansvarleg for eit vidt spekter av helsetenester til dei som til ei kvar tid oppheld seg i kommunen vår. Kommunen skal sørga for nødvendig helsehjelp og er vidare ansvarleg for at helsetilboda er forsvarlege, i dag og fram i tid. Kommuneoverlegen spelar ei vesentleg rolle som premissgjevar og rådgjevar slik at kommunen vert i stand til å oppfylla sine forpliktingar etter lov og forskrifter.
Vår kommuneoverlege går av med alderspensjon og me søkjer ein ny, engasjert person i rolla.
Kommuneoverlegen er medisinsk fagleg rådgjevar i stabsavdeling for rådmannen si leiargruppe og har delegert mynde innafor miljøretta helsevern og smittevern. Stillinga har oppgåver innafor sakshandsaming til politisk utval, rådgjeving i krise- og beredskapsarbeid og overfor dei andre einingane i kommunen. Samhandling med spesialisthelsetenesta er del av oppgåveporteføljen, like eins sakshandsaming.
Kommuneoverlegen er leiar for eining som omfattar fastlegeordninga og avtaleheimlar for fysioterapeutar. Stillinga rapportera direkte til kommunalsjef for rehabilitering, helse og omsorg og inngår som ein del av kommunalsjefen si leiargruppe. Det er ønskeleg med spesialitet innan samfunnsmedisin.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må påreknast.
Personlege eigenskapar
Me legg vekt på gode referansar som gjeld fagleg dugleik og personlege eigenskapar i høve samarbeid. Lojalitet i avgjerdsprosessar vert forventa. God norsk språkutøving og kulturforståing er viktig.
Me tilbyr
Me kan tilby eit godt arbeidsmiljø, dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der det er fokus på eit fagleg godt tilbod til pasientar og tilsette.
Løns- og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk eller etter avtale.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Det må leggjast fram politiattest. Tilsettingstidspunkt etter avtale.
For nærare opplysningar, kontakt kommunalsjef Anne Karin Fossdal, på e-post: anne.karin.fossdal@stord.kommmune.no, telefon 907 62 789 eller kommuneoverlege Petra Turet Olsen på e-post: petra.turet.olsen@stord.kommune.no, telefon 456 54 671.
Om arbeidsgiveren
Stord kommune er ein industrikommune i Vestland fylke med nær 19 000 innbyggjarar. Stord er kommunikasjonssenter og regionssenter for Sunnhordland med gode samband til Bergen, Haugesund og Stavanger. Kommunen er landfast sørover med Trekantsambandet, og arbeider aktivt for å realisera ferjefritt samband mot nord via Hordfast. Stord er regionsenter med godt utbygd tenestetilbod og sjukehus. Her er flyplass med daglege avgangar til Oslo. Kommunen er skulesenter med vidaregåande skular, allmennlærarutdanning, førskulelærarutdanning, sjukepleiarutdanning og ingeniørutdanning. Stord har eit rikt kulturliv med eit mangfald av lag og organisasjonar. Det er gode vilkår for sport og friluftsliv i kommunen.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Borggata 2, 5401 Stord
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Allmennmedisin, Ledelse, Lege
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kommuneoverlege, smittevern, samfunnsmedisin, medisinskfaglig rådgivning, helse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 376646368
- Sist endret